Då er det verkeleg lenge sidan forrige innlegg her hjå meg, og masse har skjedd sidan sist. Innspurten på svangerskapet vart ikkje heilt som planlagt. Eg fekk nyta tre rolege dagar med permisjon før eg flata heilt ut. Det viste seg så at eg hadde fått ein hissig form for svangerskapsforgifting, med hellp-syndrom.
Dette gjorde at fødselen måtte settast i gang før tida og ja, utan å gå i detalj så vart det ikkje heilt den fødselsopplevinga eg hadde sett for meg. Men to veker før termin kom altså den vakraste guten som finst til verda.
Lille Jakob; 3460 gram, 53 cm.
Og når eg endeleg fekk denne herlege goklumpen her i armane så var alt anna eg hadde vore igjennom utan betyding. Plutseleg var eg vorten mamma. Ei fantastisk oppleving!
Barselopphaldet vart som ein følgje av alt noko lengre enn ”normalt”, men no er vi endeleg komen heim og er godt i gang med å finne ut av rutinar og bli kjent med den nye sjefen i huset
No skal vi fortsetta å kosa oss her heima vi tre. Min eigen vesle kjernefamilie.
Så kjem eg nok litt meir aktivt tilbake her i bloggeland sånn etter kvart…









































