Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Tova tøflar – oppskrift

Eg har funne ei oppskrift på tøflar som passar for oss som ikkje har heilt kontroll på felling og heler og alle slike kompliserande element. Likefult ser dei riktig så flotte og avanserte ut når dei er ferdige. Tenkte det kanskje kunne vera fleire der ute som kunne ha glede av ei slik oppskrift, så her følgjer den.

Eg har brukt Safirgarn, men her kan du nok bruke ulike typar ullgarn som kan tovast. Strikka på pinne nr 4. Legg opp 22 masker og strikk rett fram og tilbake heile vegen, til du har 6 ruter i ulike farger. Høgda på rutene skal vera lik bredden. Eg kom fram til at eg måtte ha 40 omgangar (altså 20 fram og 20 tilbake). Når du har strikka 6 ruter fell du av. Plukk så opp 22 masker langs kanten av den første ruta. Strikk to ruter (rute nr 7 og 8 ) og fell av. Du har då ei L-forma remse klar til bretting.

Så då er strikkinga unnagjort og det gjenstår berre å brette og montere. Sy saman tøffelen med små kastesting i ein av fargane på rutene.

Brett først som på bilete under, og fest saman rute 4 og 7 og rute 5 og 8.

Du kan gjerne feste alle lappane med nåler først og sy etterpå. Vreng tøffelen og fest på innsida (vrangen).

Brett no slik at lapp 7 kan festes til lapp 2. Så festes lapp 5 til lapp 4. Fest lapp 6 til lapp 3. Lapp 1 festes til lapp 2 og lapp 1 til lapp 3. Når alle lappane er festa skal det sjå slik ut på vrangen.

Slik ser det ut bakfrå på helen og undersida av tøffelen inneheldt følgjande lappar.

Ferdig sydd og vrengt ser då tøffelen slik ut før den er klar for toving.

Tøflane skal så ha seg ein runde i vaskemaskina slik at dei vert tova. Vask på 40 eller 60 grader, avhengig av kor masse du treng å få dei tova. Eg vaske mine på 40 grader, og då vart dei fin størrelse til meg. Putt gjerne eit handkle eller noko anna i maskina samstundes.

Mønsteret kan du styra sjølv ut i frå kva lappar du gir kva farge. Eg har valt å ha lapp 1,4,6 og 8 i ein farge (under sålen (1og4) og kragen (6og8)), lapp 3 og 7 (på sidene) i ein farge og lapp 2 og 5 (hel og tupp) i ein farge. Men her kan du naturlegvis kombinera litt som du vil sjølv. Eit anna alternativ kan f.eks. vera å ha lapp 1=4 (sålen), lapp 2=6=8 (tupp og krage) og lapp 3=5=7(sidene og hel).

Lykke til!

9 kommentarar til Tova tøflar – oppskrift

  • ingvild

    Så bra at du la ut oppskrift på tøflene, disse skal jeg prøve å lage snart!

    Ha en fin kveld Randi,
    klemz

  • [...] dykk alle, så det var der dette biletet kom til. Vil du sjå oppskrifta du også, så finn du den her. Kan jo vera godt med eit par varme tøflar medan vi ventar på [...]

  • Janne

    Hørte om siden og oppskriften og får lyst til å prøve med en gang!!

  • torun

    Jeg har strikket en tøffel nå, men jeg får ikke til monteringa! Tror jeg burde få det enda mer med t-skje.. Datt av da jeg skulle feste lapp 5 til 4 osv. Hvordan skal de festes? på skrått? Jeg har ikke laget slike før og heller ikke strikket så mye… :/

  • Ragnhild

    Endelig en oppskrift med forståelig monteringsanvisning. Nå setter jeg i gang med stor entusiasme.

  • Snuppesnella

    Strevde med monteringa !
    Hørte at ei som jobba på IKEA monterte
    tøffelen kjapt !

  • jeanette

    Hei:-) kjempe fine tøfler! kan du hjelpe meg litt mer med montering? Skjønner ikke helt hvordan jeg skal gjøre det!:-)

  • siri

    Hadde vært lurt om du hadde oppgitt hvor mange cm hver rute var og hvilken størrelse sluttresultatet ble i, ikke alle som vet hvor store fota du har sjø

  • Tonje

    Hei. Jeg lurer også på størrelsen på disse? Har lyst å strikke disse i str23.

Legg igjen ein kommentar

 

 

 

Du kan bruke desse html taggane

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>