Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Mitt servise

Inspirert av alle som har vist fram sine fine servise i det siste, tenkte eg at eg skulle hiva meg på trenden og visa fram vårt også.

Hovudserviset vårt er Giselle frå Royal Porcelain.

Vi fekk fullt kaffiservise og diverse serveringsfat og skåler til bryllaupet i fjor sumar.

Fant så ut at vi ville ha middagsservise i same serie, litt kjekt å ha alt i same stil.

Så no har vi fullt servise til 14 personar (greitt å ha eit par kuvertar å gå på… :-) …) og en passeleg stabel med serveringsfat, skåler, sausenebb og terrine.

Serviset har eit romantisk dekor med platinum kant. Synest det er fint med litt farge og liv i serviset, men samstundes greitt med eit som er såpass diskret at det kan kombinerast med dei fleste andre fargar. Så difor falt valet på dette serviset.

I tillegg til dette har vi (litt for) mange andre kaffiservise også, men det vil vera å gå for langt å visa fram alle dei her… :-)   Men, eg har eit anna servise som eg gjerne vil visa fram også, men det vil eg finna ut litt meir om historia bak først, så det får verta ein annan dag.

1 kommentar til Mitt servise

Legg igjen ein kommentar

 

 

 

Du kan bruke desse html taggane

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>