Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Spiser solneganger som drops

I går var  Mannen og eg på konsert med Dum Dum Boys på Verftet.

Konserten var knallbra! Dum Dum Boys er definitivt eit av landets kuleste liveband.

«Boom Boom», «Splitter pine», «En vill en», «Slave», «Mitt hjertes trell» og «Møkkamann» var alle med. Med ander ord, den eine klassikaren etter den andre kom på løpande band.  Til tider var vi ei einaste stor allsonggruppe :-)

Sist eg var på konsert med dei i Grieghallen, stod eg heilt framme ved scenekanten og hoppa opp og ned i takt med musikken. Det gjorde eg ikkje denne gangen, men stemninga var likevel god bak ved miksepulten kor vi hadde funne oss ein base i går.

Og som alltid, ingen Dum Dum Boys konsert er komplett utan eit glimt av Prepple i bar overkropp :-P

Han holder seg godt… ;-)

1 kommentar til Spiser solneganger som drops

Legg igjen ein kommentar

 

 

 

Du kan bruke desse html taggane

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>