Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Babylykke

Valentines day… Mannen har alltid hevda at han boikottar slike kommersielt genererte dagar. Han er då litt søt og då, seier han elskar meg alle dagar, ikkje berre den eine dagen i februar… :-)

Så overraskinga var difor stor då han i år plutselig hadde kjøpt gåve til meg. Pent innpakka i raudt papir fekk eg den. Min første baby. Lensbaby :-D

Lensbaby er ein genialt kreativ oppfinning. Enkelt forklart er det eit objektiv som du kan tøye og bøye på. Dette gjer du då for å endre vinkelen på fokusplanet, og dermed kan du bestemma fokuspunktet og samstundes gjera det slik at objekt med same avstand frå objektivet får forskjellig fokus. Det gjev deg altså eit veldig avgrensa område som er skarpt medan resten av bilete er veldig uskarpt. Hmm… veit ikkje om det vart så enkelt forklart likevel… Du kan i alle fall få utfolda deg rimeleg kreativt med denne dingsen.

No skulle eg jo gjerne kunne vist fram alle dei kule bileta som eg har tatt i løpet av dagen, som kunne vist effekten betre enn eg klarer å forklara den. Men, det krev litt trening dette her, og eg har ikkje fått heilt dreisen på den enno. Har lekt meg med den i ganske mange tima i dag (utruleg kor fort tida går når ein har det gøy… :-) ), men har ikkje fått produsert dei heilt store kunstverka enno. Men, når eg har fått leika meg litt meir skal eg nok demonstrera kva for kunstverk eg kan skapa med denne geniale lille dingsen. Inntil vidare får eg dela dette bilete her, som kanskje kan visa litt av effekten du kan få med dette objektivet.

Elles kan eg anbefala eit besøk på nettsida til Lensbaby der dei har lagt ut ein del eksempel på foto tatt med slike objektiv.

Så eg er svært så fornøgd med at Mannen i år valte å bryta sine prinsipp og kjøpa gåve til meg på Valentines day, men…eg har ein misstanke om at dette var eit av dei tilfella der han har funne ein dings han eigentleg hadde veldig lyst på sjølv, og så kom Valentines day som ein praktisk anledning til å kjøpa den til meg, og så kan han få låne den… ;-) Men, heil akseptabelt det, når det viser seg at dette var ein dings eg hadde lyst på eg også, eg visste berre ikkje om det før…

2 kommentarar til Babylykke

Legg igjen ein kommentar

 

 

 

Du kan bruke desse html taggane

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>