Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Venter på våren!

Det er utrulege mengder med snø overalt. Er jo fint og lyst ute med all denne snøen, men… vil no helst ha litt vår snart eg då.

Under all denne snøen her ligg ein plen og berre verker etter å få bli grøn og fin att, og grillen står her og fryser og gleder seg til å få varmen tilbake. Gleder meg stort til grillsesongen startar att. Ingenting er som å koma heim frå jobb og berre gå rett på terrassen for å laga middag.

Putekassen strever med å halde seg over snøen og under denne haugen med snø er der eit blomsterbed fullt av ting som lengtar etter sol og varme så det kan spira og gro.

Og forlatt på terrassen står eit nedsnødd juletre og venter.

Det vart satt ut der, sånn inntil vidare. Det skulle kappast opp og sånt, når berre snøen forsvann…

Så der står det enno… og venter…

og det gjer eg og…

Venter på våren!

1 kommentar til Venter på våren!

  • ingvild

    Så skjønt innlegg! Ja det blir fint når våren engang kommer… Helt enig om at det nå har vært nok snø!

    God natt,
    klemz

Legg igjen ein kommentar

 

 

 

Du kan bruke desse html taggane

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>