Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Påskepynt

Då er eg i gang med påskepynten. Har strikka ein påskehare eggevarmar. Var raskt gjort, ei lita kveldsstund så var den i boks. Lett å strikka var den også.

Oppskrifta fann eg på Drops Design, ei super side med masse gratis strikkeoppskrifter. Vil du prøve sjølv, finn du oppskrifta her. Eg gjorde nokre små justeringa. Hadde noko Safirgarn liggande etter tøffelprosjektet mitt, så brukte det. Sløyfa rundt ørene skulle heklast, men sidan eg ikkje kan skikkeleg hekling, så var den laga med fingerhekling. Det har eg ikkje gjort sidan barneskulen trur eg, men fungerte fint her. ;-)

Må strikka ein til så vi har kvar vår til påskefrukosten. Litt koseleg å ha til påskebordet. Var gøy å laga påskepynt, det har eg i grunnen ikkje gjort på mange år trur eg. Må sjå om eg ikkje kan finna nokre fleire påskeprosjekt. :-D

Ønskjer alle der ute ei kreativ og flott helg!

3 kommentarar til Påskepynt

  • Heisann! Tusen takk for koselige ord på bloggen min. Så fin denne eggevarmeren var! Det er så bra med Drops der man kan hente gratis oppskrifter. Helt supert! Ha en god helg. :)

  • ingvild

    Så nydelig den eggevarmeren var! Nydelig var den… Kan du strikke slike til meg og?

    forresten så tenkte vi på å ha påskeverksted med noke attåt den 13 hvis det kunne passe fruen;)

    Ha en fin lørdagskveld,
    klemzi!

  • Utrolig flott eggevarmer du har strikket! Det skal jeg absolutt prøve selv også :)

Legg igjen ein kommentar

 

 

 

Du kan bruke desse html taggane

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>