Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Vinterleg fotosafari

I dag har det vore ein aldeles nydeleg vinterdag her. Sol frå skyfri himmel. Så i dag var ein jo rett og slett programforplikta til å koma seg ut i Guds frie natur og nyta dagen.

Så då kledde vi godt på oss og drog på fotosafari.

Vi kjøpte oss gode varmedressar for ei tid tilbake, og i år har dei jo verkeleg vore gode å ha.

Sola har så absolutt byrja å varma, men er ein på fotosafari så kan ein ikkje berre halda seg i sola. Ut i skogen og opp i trea… :-)

Sjølv om eg no eigentleg vil ha vår, så må eg innrømma at det er no fint ute i snødekte landskap også… Det potensielt beste blinkskotet på turen gjekk eg derimot dessverre glipp av i forfjamsinga. I eit forsøk på å få akkurat den riktige vinkelen på neste bilete, presterte Mannen det kunststykke å våga seg ut på glattisen…eller rettare sagt, ut på ei nedsnødd elv. Og der gjekk han gjennom… og medan han låg der i snøen og vatnet og kava, stod eg ovanfor med to kamera på magen utan å ta eit einaste bilete. Temmeleg irritert på meg sjølv for at eg ikkje var forberedt nok til å stå klar med kameraet der. Der gjekk eg  nok glipp av eit ”kodak moment”.

Ja, ja, det vart tatt rikeleg med bilete elles, og eit lite knippe er samla under.

Likte spesielt det i midten, ser nesten ut som eit laken som er slengt over greina, men det er snø.

No har vi tørka opp att og fått varmen i oss, så no skal resten av kvelden tilbringast i sofaen der eg skal fortsetta på mitt strikkeeksperiment som eg byrja så smått på i går kveld. Men kva det er for noko, nei det får venta til ein annan dag med å bli avslørt… :-)

1 kommentar til Vinterleg fotosafari

  • ingvild

    Så koselig – og nydelige bilder du har tatt. Synd du ikke fikk tatt mannen som isbadet :( Skulle gjerne sett de bildene!

    Her går det i sofaen enda, men satser på at jeg er klar for ny uke i morgen!
    Klemz

Legg igjen ein kommentar

 

 

 

Du kan bruke desse html taggane

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>