Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Påskebroiler…?

Mitt siste strikkeprosjekt er vel nærmare eit aldri så lite strikkeeksperiment.  Eg var så godt i gang med påskestemninga etter at eg fekk strikka eit par påskehare eggevarmarar i helga. Så eg tenkte som så… la meg prøve meg på eit påskeinspirert prosjekt til. Som sagt så gjort. Eg fann meg nok ei påskepynta oppskrift på Drops Design, ein søt liten påskekylling  som kunne hengast opp i påskeriset. Men, eg hadde jo ikkje akkurat det riktige garnet i hus då. Pytt, pytt, tenkte eg. Eg har jo noko anna garn liggande, kan no vel berre bruka det…? Så då gjorde eg det. Syntes eg var veldig så løysningsorientert og kreativ… :-)

Det var for meg ei noko avansert oppskrift eg hadde funne meg også. Eg har aldri strikka med kast før, viste ikkje kva det var for noko ein gang… men, Drops Design kunne hjelpa der også, med sine instruksjonsvideoar. Så då sette eg i gang. Garnet som i følgje oppskrifta skulle vera eit ganske tynt alpaca garn vart bytta ut med vanleg Safirgarn, og så strikka eg i vei. Ja, dei av dykk med litt meir strikkeerfaring enn meg, kan vel allereie byrja å sjå får dykk resultatet. Det som skulle vera ein søt liten påskekylling vart til slutt meir lik ein god og rund påskebroiler.

Men, på sitt litt for store vis så vart den no litt søt denne her også. Har kjøpt meg litt tynnare garn no, så får sjå om eg prøver å laga ein i mini utgåve også… Men, skulle eg kome til å gjera det, så vert det no uansett han her som er storebror og passar på flokken… Min vesle påskebroiler :-D

Så må eg berre vise også, at den grå påskehare eggevarmaren eg strikka i helga har fått seg ein kvit partnar.

Så då har vi kvar vår klar til påskefrukosten.

Og no har eg jo verkeleg fått blod på tann. Nytt garn er innkjøpt og nye prosjekt er under planlegging. Fann noko skjønt regnbogegarn.

Masse flotte blandingsfargar. 100 % ull og kan tovast. Så får vi sjå kva for kreasjonar eg kan få ut av det.

Litt knall gult garn måtte eg jo også få med meg.

Er jo trass alt gult som er påskefargen, og skal det vera gult så skall det vera gult.

Så no ligg alt til rette for nokre gode kreative dagar framover.

Eg ante verkeleg ikkje at det kunne vera så gøy å laga påskepynt :-)

Treng du hjelp til inspirasjon sjekk ut DROPS Påskeverksted 2010!

2 kommentarar til Påskebroiler…?

  • ingvild

    Påskebroileren var helt herlig. Du har virkelig fått blod på tann. Gleder meg til å se dine neste prosjekter! Flott garn du har skaffet deg…

    Natti
    klemz

  • Hei Randi, så koselig at du stakk innom bloggen min. Jeg ser du er glad i å strikke også;) jeg og;) Det var fint å komme inn her, du har litt forskjellig å lese om. Jeg likte dette innlegget om Lensbaby. Mannen min har heeelt dilla på fotografering, og en slik ville ha passet ham godt tenker jeg. Skal jeg røpe meg, så er de bildene jeg tar og legger ut på min side, så er det med et avansert kompaktkamera jeg fikk til jul av min mann. Han har det superavanserte Canon-kameraet :D Det er han som har mørkerom og har gått på utallige fotokurs. Jeg ?…skriver litt og tar litt bilder jeg :)

    Ønsker deg en strålende fin dag. Håper solen skinner hos deg som den gjør her! Veldig hyggelig om du kommer innom siden min igjen ;)
    Klem,Line

Legg igjen ein kommentar

 

 

 

Du kan bruke desse html taggane

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>