Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Antikvitets leksikon

Kva er britanniametall, chapeauclaque, overflategalsur, kineserier og japonisme? Kva er eigentleg krystall? Og kva i all vide verda er ”nøgen jomfru”? Kva skal ein sjå etter når ein leiter etter designmøblar frå 1950- og 1960-talet? Kven har teikna dei ulike designklassikarane frå 1920-åra? Når byrja ein å eta med bestikk? Kva kjenneteikne ein barokklysestake? Kva er eigentleg skilnaden på ein biedermeierstol og ein empirestol? Og korleis kan ein skilje kopier frå ekte vare?

Dette og sikkert meir til skal eg no då kunne finne svar på. Det er for tida mammutsalg i landets bokhandlarar, og der fann eg i går denne boka her til ein billig penge:

Antikvitets leksikon av Ellen Ørnes.

Boka skal vera eit hjelpemiddel til å manøvrere i den norske antikvitetsverda. Den forklarer ord og omgrep, gjev eit innblikk i stilhistoria og gjev deg råd om korleis du kan unngå de vanligaste feila når du handlar antikviteter. I tillegg får du tips om kva du skal sjå etter når du jakter på godbitar. Boka inneheldt også ei oversikt over stempel og merking av sølv, tinn, porselen og fajanse og produsentar frå inn- og utland.

Så no kan eg møte loppemarknadsesongen godt forberedt… :-)

Og medan vi ventar på at loppemarknadsesongen skal koma i gang for fullt her, får ein inntil vidare tråle Fretex og diverse brukt- og antikvitetsbutikkar etter skjulte skattar. Har ein avtale med eit vennepar om å ta ein liten runde i morgon. Rekk vel ikkje å lesa meg så masse opp til dess, men kan jo vera vi er heldig likevel… ;-)

Ønskjer alle der ute ei riktig god helg!

3 kommentarar til Antikvitets leksikon

  • ingvild

    Du tar det seriøst ser jeg;)

    Du får lære oss litt i morgen da!
    Klem,I

  • Så flott eit tips!!
    God helg :-)

  • Ooops. En slik bok skulle jeg absolutt hatt! Jeg tipper i vilden sky jeg..og nyttesløst å prute på gamle ting da..når en ikke vet hvor gammelt det er. For dumt å prute på noe som er fra 1600-tallet liksom :D

    Takk for hilsen hos meg :)

    Klem,Line

Legg igjen ein kommentar

 

 

 

Du kan bruke desse html taggane

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>