Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Enklare blir det vel ikkje…?

Nok eit lite eksperiment er gjennomført med utgangspunkt i ei oppskrift frå Drops Design. Tova påskeduskar. Og enklare enn dette kan det nok ikkje gjerast nei. Litt morosame var dei no, og dette er noko absolutt alle kan klara. Eg brukte mitt nyinnkjøpte regnbogegarn til desse. Det var jo ferdig miksa med fine fargekombinasjonar. Med unntak av dei gule, dei er laga med vanleg safirgarn i gult og kvitt som er miksa. Måtte jo ha noko gult også, sidan det trass alt skulle vera påskepynt… :-)

Duskane skal eg ha hengande i nokre greiner med vrihassel som eg har vore så heldig å ha fått av svigermor. Greinene er jo eigentleg dekorative nok i seg sjølv, men kjekt å pynta dei litt ekstra etter sesongen. Til jul var dei full av små julekuler, og no til påske altså påskeduskar.

Greinene har vi ståande i ei gamal krukke som vi også har fått frå svigers. Det er ei brun holland-krukke.  Kjempeflott den og. Heilt perfekt til å ha desse greinene i.

Og så var den helga over, og ny veke står for døra. Vi får nyte dei siste timane så best vi kan. Ha ein flott søndagskveld vidare.

7 kommentarar til Enklare blir det vel ikkje…?

  • hei hei!!

    Det var i siste liten og,men det er bare moro at flere vil være med!! Skal ta en titt på bloggen din jeg!!;)

    stor klem

  • Tusen takk for koselig melding:o) Så kjekt at du vil følge meg – velkommen skal du være:o) Vil gjerne henge med her jeg også – koselig med nye ideer og inspirasjon.
    Disse tova duskene var skikkelig kreative og spennende. Må visst prøve meg på noe sånt:o)
    Ønsker deg en flott kveld.
    Klem fra Solveig

  • Hei.

    Du det var kjempe smart, og stilig pynt! Takk for et fodt tips.
    Får håpe du har hellet med deg i giveawayen min =)

  • nei det var en tøff ide. Sånn skal jeg lage en dag!
    Koselig blogg også :)
    Ha en fin dag videre
    Sophie MAri

  • ingvild

    Kjempetøffe var disse duskene dine! Tenk at det gikk meg hus forbi;)

    Klemz

  • Takk for besøk inne hos meg…kjekt for da fant jeg bloggen din:)

    Morsom og dekorativ pynt du ha ordna:))

    Håper du får ei fin helg

  • [...] spraymåla påskeegg og eit lite staffeli med påskebilete i keramikk. Og i gangen har greinene med påskeduskar fått selskap av litt måla egg, også dei frå [...]

Legg igjen ein kommentar

 

 

 

Du kan bruke desse html taggane

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>