Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Bloggtips

Eg trudde ikkje det gjekk ann å ha følgere her på bloggen min sidan eg har ein WordPress blogg. Men så har den snille Mannen min googla litt og funne ut at det kan eg. Så i dag har eg fått det på plass. Så no er eg litt spent på om det er nokon der ute som vil vera med å følgja meg vidare på mi ferd her i bloggeland. :-)

Du treng ikkje ha eigen blogg for å verta følgjar, alle som vil kan registera seg.

I tilfelle det er fleire WordPress-bloggere der ute som har lyst på dette, så tenkte eg at eg skulle vise korleis eg fekk det til.

Du treng berre registrera deg på Google Kontaktnettverk, har du ein google (gmail) konto frå før så bruker du same brukarnamn og passord her også. Du går då inn på denne sida:

http://www.google.com/friendconnect/

Her trykker du på ”Kom i gang”-knappen og så følgjer du eigentleg berrer forklaringa du får opp på skjermen vidar. Dersom du ikkje allereie er innlogga på gmail eller ikkje er registrert der, så får du opp bilete der du loggar deg inn eller kan opprette konto.

Er du alt innlogga går du rett vidare til følgjande side, der du fyller ut dine detaljar.

Når du har fylt ut opplysningane om sida di, trykker du på fortsett og du er nesten i mål.

Trykk på legg til medlemsmodulen og følgjande side kjem opp:

Her kan du justere storleiken på boksen (eg har brukt bredde 208), og om du er vågal justera på farger og slikt. Når det er gjort går du til slutten av sida, punkt 3, og trykker på generer kode. Du får då opp ein boks med kode som du kopierer.

No går du berre inn på bloggen din og under widgeter legg du til ein teksboks som du limer denne koden inn i.

Og vips, så har du fått deg følgersystem du også.

Lykke til!

Ei lita oppdatering:

Vil du endre teksten på knappen i følgjarboksen din, kan du gjera det også. Då går du inn att på sida for Google kontaktnettverk, og under innstillingar finn du ei fane som heiter avansert. Der på linja for ”Påloggingstekst” kan du skriva kva for tekst du vil ha på knappen.  :-)

4 kommentarar til Bloggtips

  • ingvild

    Så bra du har fått deg følgerssystem du også!
    Lagt meg til jeg;)

    Nå begynner snart fruene heldigvis,
    ha en fin kveld vennen!

  • sol

    Så kjekt at du la ut dette rett før jeg begynte å lette etter en måte å få følgersystem på! Det er mulig å få enda smalere boks enn 200 pixler, men da forsvinner litt av teksten øverst (slik den gjør i bloggen min). Det hadde vært fint å kunne endre den teksten, men det går sikkert ikke.

    Ha en fin kveld :)

  • sol

    Jeg fant!
    Innstillinger -> avansert -> påloggingstekst.

  • Jeg sliter sånn med å få til dette- men finner ikke riktig side lenger. Om noen kan hjelpe meg med det – så takk :)

Legg igjen ein kommentar

 

 

 

Du kan bruke desse html taggane

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>