Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Påskemaraton

Då har eg planar om å gjera meg ferdig med påsken, her i bloggen i alle fall :-)

Så no kjem eit lite raid med diverse påskebilete, frå både inn og ute her hjå oss.

Vi startar inne.

Og som ein kvar morgon, startar vi på kjøkkenet.

Her kosa vi oss i dag med ein sein og lang frukost, med nypressa juice, kaffi og egg. Herleg start på dagen!

På kjøkkenet har vi pynta med ein skjøn gul og kvitrutete duk med små påskekyllingar på. Til den har vi sjølvklart matchande serviettar ;-) Den stolte hanen er eit  lys som no ser ut for å overleva sin andre påske her hjå oss. I tillegg har vi her ei potte med krokus, pynta med små grøne og kvite påskeegg.

Så over til stova.

På spisebordet har vi lagt ein liten påskeløpar, som for så vidt også matchar den på kjøkkenet… :-D På den har vi satt eit lite påsketablå beståande av to små stemorsblomar og dei to hanane som vi måla på påskeverkstaden som eg har fortalt om tidlegare. Dei har no fått seg eit lite reir her med eit lite egg å passa på.

På den eine høgtalaren ved sidan av TVen har eit gult rosetre fått plass. Og der har det selskap av to søte små påskeharar som eg har vore så heldig å ha fått frå Ingvild med den flotte bloggen Drømmer på landet.

For no å unngå at dette innlegget her blir alt for langt så tar vi resten av pynten inne under eitt.

Salongbordet har også fått påskeduk, ein lett kvit ein, med broderte påskemønster rundt kanten i lin. Der er gule lys i ulike formar og fasongar, spraymåla påskeegg og eit lite staffeli med påskebilete i keramikk. Og i gangen har greinene med påskeduskar fått selskap av litt måla egg, også dei frå påskeverkstaden.

Så tar vi ein liten tur ut.

Inngangspartiet har fått krukker med blomar av mange slag. Påskeliljene måtte jo sjølvklart vera med, men også stemorsblomar, blå og kvit lobelia samt ein lilla ein eg ikkje huskar namnet på no, har fått plass i krukkene. Er litt kjekt å ha eit koseleg inngangsparti som kan møta eventuelle besøkande.

Beda på terrassen har også  fått eit lite snev av påske. Innimellom flotte klosterklokker kan de skimta to fargeglade haner. Ein gul og ein grøn. Desse er eigentleg ikkje påskepynt og får stå framme heile sumaren, men når det no er påske, så passar dei jo ekstra godt no… :-)

Phu… det vart masse påske på ein gang dette. Men, no gjer eg rekning med å ha fått skreve av meg påsken for i år :-D

I morgon reiser vi på påsketur med gode vener og det gledar vi oss til! Så no blir det nok litt stille i frå meg dei neste dagane. Litt difor eg tenkte eg skulle skrive av meg påsken her på bloggen i dag ;-)

Takkar for alle koselege kommentarar her på bloggen. Det varmar skikkelge at de tar dykk tid til å legga att ein liten kommentar her hjå meg!

Så med dette ønskjer eg alle ei strålande fantastisk flott påske!


10 kommentarar til Påskemaraton

  • Takk for koselig hilsen:-)

    Så fint dere har pyntet til påske, riktig koselig:-)

    ha en fin kveld videre.

    Klem

  • Koselige påskebilder!
    Håper påskefridagene er fine.

    Påskeklem fra meg.

  • Elin med Draumesidene.com

    Hei! Så VAKKERT! Du har no pynta over alt! Her er det kun gule sitronar på kjøkkenbordet i påska sin rette farge! :)
    Takk for at du delte heimen din med oss!
    Ha ei fortsatt god påske!
    God klem frå meg!
    E :)

  • Kjempefint Randi!!

    Kos dokke på tur og så «sjåast» vi på bloggen over Påske!!

    Påskeklem

  • ingvild

    Heisann.
    Så fin du har pyntet – ordentlig koselig har det blitt;o)

    Her ble det ikke pyntet så mye da jeg ble forkjølet i stedetfor. Kjedelig. Er heldigvis på bedringens vei… Så er nok klar for turen i morgen!

    Gleder meg til i morgen vennen,
    klem

  • Kjære Randi!
    For en fantastisk koselig påskereise du tok meg med på nå :-D
    Så mye flott og så koselig stemning!
    Kan skjønne folk blir glade når de blir ønsket velkommen av slike vakre blomster :-D
    Et nydelig innlegg!!
    Så hyggelig du er med på min Give Away ♡♡♡ det setter jeg stor pris på!
    Og så flott du likte gaven – og artig du liker rødt!!!
    Ønsker deg en nydelig påskeferie, kos deg masse masse!!
    Vi bloges over påske ;-)
    Klem Lokki

  • Tusen takk for hyggelig ord hos meg ♥

    Så utrolig fint du har pyntet til påske, masse skjønne detaljer:)

    Ønsker deg og dine en fortsatt flott påske:)

    Klem Lise

  • Hehe..Randi. Det er ikke barstolene som er ustødige en i en bar :D

    Men å fint du har pyntet til påske ;) Det hadde gått an å ta morgenkaffen på det bordet ditt idag ja!! Sikkert og visst!

    God påske Randi. Vi blogges når du er tilbake fra ferie. Kos deg :)

    Klem,Line

  • Ah!!! Så mange lekre bilde!!!! Åååååå så fint med blomster ute!!! Lekkert! ♥

    Tuuuusen takk for koselige kommentarer ♥ Alltid so koselig å få tilbakemld fra dej :)

    Frokostbordet ditt var bare sååå fristende og lekkert , tenker så visst at dere kosa dere ja!! ;)

    Kjempekjekt at du liker det jeg blogger om Randi ♥ Morro du likte godt kistebordet da :) Ja ej syns det blei dritstilig med glassknotta på :)

    Du har vel reist nå, men ønsker dej en herlig påske videre allikavel ;)

    Påskeklem Hege ♥

  • Tusen takk for hyggeleg kommentar:) Så nydeleg du har pynta til påske!! Eg er så dårleg på påskepynting:/ Blir mest som ungane har laga, men det er jo koslegt og;)

    Klem frå Ann

Legg igjen ein kommentar

 

 

 

Du kan bruke desse html taggane

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>