Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Så er påskeferien over

Då er eg tilbake att frå påskeferie. Har hatt ein flott tur til Øystese med gode vener, god mat, seine spillkveldar og spanande fotosafari.

Vi var svært heldig med været, så laurdagen tok alle med seg kamera og så rusla vi rundt på ein liten fotosafari. Rusletur langt stranda i solskin, fekk nesten lyst til å ta ein dukkert. Men, berre nesten… :-D

Fekk lyst til å dela nokre stemningsbile frå strandturen med dykk.

Bølgjeskvulp og skjelsand. Gleder med til sumaren, til å gå barbeint på ei strand som dette og kjenna bølgjene rulle over nakne tær.

Fekk også prøvd meg litt med Lensbaby.

Men, her må eg nesten anbefala ein tur innom galleriet til Mannen, han fekk tatt fleire blinkskot med denne.

Vi tok oss også ein tur opp til ”Gullfiskdammen” og tenkte optimistisk nok at der kunne vi jo få fora Gullfisk. Hadde vore gøy. Men…våren er nok ikkje kome så langt enno, for der var heile vatnet dekka av is framsleis.

Men, fekk testa ut polariseringsfilteret litt heilt innerst ved land der isen var byrja å smelta. Dette filteret fjernar mellom anna uønska refleksjonar frå overflater som vatn, slik at eg faktisk får tatt bilete gjennom vatnet utan at sola og himmelen som speglar seg i vassflata skyggar.

Synest  dette bilete vart litt stilig, fasinerandes fargar, og ein ser nesten ikkje at dette er tatt gjennom vatn.

Til slutt eit lite artig bilete av alle fotografane på tur. Ein litt kreativ måte å ta gruppefoto på, der alle fire er med utan at andre måtte ta bilete for oss ;-)

I dag har vore ein nydeleg dag her, ein perfekt avslutning på påskeferien. Sol og flott vær så har hatt meg ein liten spasertur og fått meg litt frisk luft. Herleg no med lysare kveldar, blir litt lettare å koma seg litt ut frå sofaen også.

No får eg ta meg ein runde og sjå kva som har skjedd elles her i bloggeland medan eg har vore på ferie.

Ønske dykk alle ei flott start på veka.

12 kommentarar til Så er påskeferien over

  • Så masse flotte bilete :-)
    Herleg at vi fakk slike dagar på slutten av Påska..
    No ER våren komen, hurra!!

  • Så fine bilder, det siste var jo kjempeartig da:-) Må prøves en gang!

    Ikke lett å huske hvilke dag det er i disse ferie-tider – jeg har også surret en del:-/

    ha en kjempefin kveld videre og ha ei fin uke!

    Klem

  • Elin med Draumesidene.com

    Flotte bilder! Forstår godt at du fekk nesten lyst til å bade! Spennande effekter! Eg skal ta meg ein tur ut i naturen sjølv denne veka. Fasinerande alt ein kjem over no under snøv og is-smeltinga! Takk for vakre ord inne på bloggen min! Alltid kjekt å få kommentarar frå deg!

    God klem frå meg!
    E :)

  • Såååå nydelige bilder… fantastisk!!!
    Klem fra Mette

  • Nydelige naturbilder!!!!

    Håper uken blir fin.
    Klem C.

  • Så flotte bilder- dere er jo skikkelig proffe;) Artig bilde på slutten! Ha en fortsatt fin uke!

  • Så flotte bilder du viser! Jeg er selv en ivrig amatørfotograf – skal bli kjekt med lysere kvelder nå slik at en har sjans til å ta litt bilder etter jobb:o)
    Øystese er vakkert! Jeg har også vært på tur langs Skårsvatnet – eller Gold fish lake – på norsk:o))))Flott område:o)
    Ønsker deg en flott uke, min venn!
    Klem fra Solveig

  • ingvild

    Bildene var råstilige. Tusen takk for en kjempefin helg,
    klemz

  • Daaa var jeg omsider tilbake fra fjellet og definitivt ferdig med mobilt nett;) Det tok evigheter å åpne sider, så runder i blogglandia ble droppa;(….surrer rundt her nå for å få med meg alt jeg har gått glipp av:)

    Blir imponert over de fine bildene dine:)…og herlige påskestemningsbilder.

    Håper det snart dukker opp en maur du kan ta bilde av med den linsa di:))

    Ha en fortsatt fin kveld:)

  • Hei ♥

    Har faktisk savna dej!!! Hehe..kjempekoselig att du besøker mej med en gang du kommer hjem da :) ) Og tuuusen takk for så hyggelige kommentarer ♥ Kjempehyggelig ♥

    Dem hjertekrokene har jeg vel kjøpt hos Farmorskrambod for noen år tilbake ;) ) Jeg oxså liker dem veldig godt , gode å henge ting på og ikke minst kjempefine og enkle å henge på vegg ♥

    Nå skal jeg på shopping og så hjem å lage mat og rydde og vaske :) )

    Nyyyyyydelige bilder må jeg si!!! Gleder mej masse jeg oxså til sol og sommer ♥ Sikker på du har kosa dej ♥

    Ønsker dej en super dag ♥

  • Kjempefine bilder Randi :) du er kreativ!
    Utrolig kult det siste :D

    Klem, Line

  • Så fine bilder! Jeg vil bade når jeg ser de bildene :) Men jeg er en sånn pingle som kunn bader i 30 grader pluss.
    Får vente til sommern :)
    Klem fra Sophie Mari

Legg igjen ein kommentar

 

 

 

Du kan bruke desse html taggane

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>