Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Loppefunn II

I helga var eg og ei god venninne på loppemarknader, både i byn og her ute på landet. Og nokre funn vart det då på meg.

Flott kvit og blå skål med lokk frå Egersund

To skjøne flakonger i glas med glas propp, syntes dei var så søte. Og to små flasker kor det står pyrex på eine sida og så målestrekar på den andre. Vil tru det kanskje er ei eller anna form for medisinflasker eller noko…? Dersom det er nokon som veit noko om kva desse kan ha vorten brukt til, så sei gjerne i frå. Men eg skal nok finna noko alternativ bruk for dei. :-D

To avlange blomsterpotter, kvite med skjøn dekor.

Dette setter for salt og pepar fann eg eigentleg ikkje denne gangen men på ein tidlegare loppemarknad, men sidan eg ikkje har vist det før tar eg det med no.

Og så har eg naturlegvis spart det beste til slutt :-) Dette skjønne telefonbordet:

Var det ikkje fint? Lange slanke flotte bein, utskjeringar både i front og på beina, fine kurver. Er så superfornøgd med dette funnet!

Trur nok eg kjem til å male bordet, men har ikkje heilt bestemt meg for farge enno. Kanskje kvit, kanskje svart… Kva trur du?

Har to moglege plasseringar for det, så spørs kor det hamnar. Vurderer også å ta av topphylla slik at det vert meir som eit vanleg bord enn eit telefonbord, men også det er til vurdering enno.

Det får nok stå å godgjera seg til loppesesongen er over i tilfelle eg finn fleire, så eg får bestemt plasseringa på det før eg gjer noko med det. Men, eg er godt fornøgd med loppesesongen så langt. Så er det berre å håpe at resten av sesongen vert like bra, eller kanskje til og med endå betre… :-)

Så har eg fått ein award tilbake frå Anns Draum, og sånt er jo alltid koseleg :-) Har du ikkje vore innom og besøkt ho før, så kan eg anbefala dykk alle å ta ein tur innom og helsa på ho!

Sidan det ikkje er så lenge sidan eg fekk den sist, så vise eg denne gangen berre til det award-innlegget mitt dersom det er nokon nye innom som vil lesa sju ting om meg.

Og så gjev eg den vidare til alle som er innom her i dag og som treng ein liten award.

No skal eg gjera meg klar for ein liten tur til Ulvik. Skal dit på ein konferanse eit par dagar. Så då vert det nok litt stille her ifrå. Men plutseleg er eg tilbake :-D

Ha ein fin kveld.

10 kommentarar til Loppefunn II

  • Hei Randi ♥

    Tusen takk for att du titta innom ♥ Koselig ♥ Ja ej he fått mange tips og tek med mej all inspirasjonen vidare ifra dokke herlige bloggjentene her inne ♥♥

    Guda mej så masse flott!!!!!! Ej likte godt flaskene , krukkene va helt DIGG!!!!! Fytti katta!!!! Dei syns ej du kan ha en give away på hahaha…☺☺☺

    Og det tlf bordet!!!!!!!!! Hallo!!!! Helt utrulig for et kupp!!! Ej hadde mala det svart eller eggehvit!!! Sikker på det blir dritstilig svart…for det va so staselig!!!

    Du finn det nok ut…gleda mej til å sjå det vis du mala det ♥

    Ønske dej oxså en herlig kveld ♥

    Klem fra mej ♥

  • ingvild

    Kjempeflotte ting du fant vennen,
    Fine bilder du har tatt av kuppene dine…

    God tur til Ulvik! Når er du hjemme igjen?

    Klem.

  • NYDELIG telefonbord! Det er ikke mer å si om den saken! :) Gleder meg til å se hva du gjør med det! KLEM

  • Fine loppefunn du har gjort ♥

  • Hei Randi :) ) Så mye fint du har funnet på loppis! De Pyrex-flaskene var morsomme.. kanskje noe i pyrisept-duren ??! Du kan jo ha deilige badekuler, eller badesalt i dem kanskje ;)
    Telefonbordet var kjempefint. Hvitt eller svart ja.. jeg ville nok malt det svart, siden jeg har nesten alle rom helt hvite, så er det morsomt å kunne lage litt kontraster. Dessuten skal jeg ha et konsollbord i den nye gangen (når vi kommer så langt) i svart. Maler du det i hvitt så synes jo utskjæringene bedre, og det blir mer romantisk. Svart er mer dramatisk og stilig på en måte.

    Ha en fin dag, Randi :)
    God klem,Line

  • Skal si du er god til å finne strålende vakre ting på loppemarked :-D
    Ja telefonbordet var lekkert, ja det blir spennende å se hvilken farge du maler det i…
    finfint blir det sikkert helt :-D :-D
    Ønsker deg en nydelig uke videre!!
    Varm klem fra Lokki

  • Hei ♥

    Hehe ja mange prosjekt ja!!! Fikk lagt gulvet på stue 1 i går da hehe…!! Tror det blir bra ☺ Nå har jeg mala litt , men skal lage mej frokost tenkte jeg!!

    Går her hjemme og er syk..halsbetennelse og feber , men klarer ikke å sitte på rompa!!! Jobber litt her og der hihihi…blir vel frisk snart ♥

    Ønsker dej en kjempelekker og herlig helg vennen ♥

    Go klem fra hege ☺☺☺

  • Oj så mange flotte skatter du har funnet!!! Er sikker på at du finner et bruksområde til flaskene – spes. nå når blomstersesongen starter ( selv om jeg nesten lurer på om det er vinter vi går mot……her snør det!!!).
    Likte veldig godt bordet ditt! Jeg tror jeg ville ha ventet med å male det. Se litt i interiørmagasiner om tips hvordan en setter sammen brunt med andre farger og se om du finner ditt uttrykk i det hele. Hvis ikke, kan du jo male det senere. Brunt er alltid aktuelt,i alle fall denne flotte brunfargen. Og så fremhever det hvitt på en flott måte.

    Ha en nydelig helg min venn, og gratulerer med award:o)))
    Klem fra Solveig

  • [...] det forrige loppeinnlegget mitt viste eg nokre pyrex-flasker som eg ikkje viste kva hadde vore til. Det har eg no fått svar [...]

  • [...] er det vi kjøpte på loppemarknad i vår, så ja, det er framleis umåla. Og jo lenger det står her slik jo meir usikker blir eg på om det [...]

Legg igjen ein kommentar

 

 

 

Du kan bruke desse html taggane

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>