Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Give away

Då er det tid for min første give away her på bloggen :-D

Det har seg nemleg sånn at eg fått meg eit ekstra eksemplar av boka ”Fra skrot til skatter”.

Ei kjempeflott bok, som eg absolutt kan anbefala, men…eg har den jo frå før. For dei som hugse tilbake, laga eg eit innlegg HER som du kan sjå på om du vil veta litt meir om denne boka. Utruleg masse super inspirasjon og geniale idear i denne!

Så då tenkte eg at den i staden kunne finna seg ein ny heim blant ein av alle dykk koselege lesarar av bloggen min. Så dermed er det duka for Give Away her i solsystemet mitt.

Alle med eller utan blogg kan vera med!

Reglane er enkle, alt du treng å gjera er å legga att ein kommentar på dette innlegget og så er du med i trekninga. Dersom du har eigen blogg og linkar til denne Give Awayen der, kan du få deg eit ekstra lodd. (Bruk gjerne bilete over her). Skriv i kommentarfeltet kor mange lodd du tar. Altså

Kommentar = 1 lodd
Kommentar + link = 2 lodd

Du får ikkje noko ekstra lodd for å verta følgjar. Eg vil at du skal følgje bloggen min fordi du har lyst til det og ikkje for å få eit ekstra lodd ;-) Men, om du vil følgje meg vidare er jo det naturlegvis veldig koseleg!

Trekninga vert den 24.juni, då rekk eg forhåpentlegvis å få sendt premien til deg før eg fer på ferie… :-D

Lykke til alle saman!

♥♥♥

Ha ei strålande god helg! Forhåpentlegvis fylt med masser av sol og varme!

55 kommentarar til Give away

Legg igjen ein kommentar

 

 

 

Du kan bruke desse html taggane

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>