Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Mitt første veggord

For litt sidan var eg så heldig å vinne eit veggord inne hjå Hilde Heimdal. Mitt aller første veggord! Supergøy :-D Ho hadde ein konkurranse der vi kunne vinne veggordet Shoes. Det var 29 som meldte seg på i konkurransen. Og så var Hilde så snill at ho lot oss alle vinna! Kan du tenka deg, så snilt :-)

Og kjapt levert kom denne no i posten. Og ikkje nok med det… i tillegg hadde ho lagt oppi eit ekstra veggord! Teksten Hvitt Tøy. Så utruleg koseleg overrasking og så snilt gjort! Eg trur eg veit kva eg skal gjera med den, men det må venta litt…

Men Shoes-veggordet visste eg akkurat kvar eg skulle ha, så det har kome på plass.

Har eit stort kvitt skoskap i gangen og på øvste luka på det har teksten no fått plass.

Veldig fornøgd. På toppen av skapet står mine fine sølvsko og pyntar opp, men det vart jo ekstra fint når dei no fekk selskap av dette veggordet.

tusen takk Hilde, er så fornøgd med mitt første veggord. Har du ikkje besøkt bloggen hennar før så anbefaler eg deg eit besøk. Der kan du mellom anna få masser av inspirasjon og idear til kva du kan finna på med sånne veggord. Og nettbutikken hennar finn du HER – og eit lite tips – ho har salg no :-D

Her skine sola for tida og det er så herleg! Og best av alt, dei har lova sånt vær heile helga! Har litt dårleg samvit for at eg ikkje rekk å besøka dykk all om dagane, men må nesten utnytte dette været til noko anna enn å sitta framfor PCen. Men, kjem nok sterkare tilbake ganske snart…

Ønskjer alle ei strålande vakker helg!

14 kommentarar til Mitt første veggord

Legg igjen ein kommentar

 

 

 

Du kan bruke desse html taggane

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>