Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

100 + 1000 = Give Away

Då er det tid for å feire litt her i solsystemet mitt. Dette er mitt innlegg nr 100 og det er jo i seg sjølv grunn god nok til å feire. Men, i tillegg til det så passerte eg 1000 kommentarar for nokre veker sidan. Det er jo ein fantastisk god grunn til å feire :-D

Blogginga hadde ikkje vore det same utan alle dei gode kommentarane frå alle dykk der ute. Så då synest eg det er gøy å skulle gje litt tilbake til dykk.

Den som var så heldig å legga att akkurat kommentar nr 1000 var Lise med den herlege bloggen Hasigamas Univers så ho skal naturlegvis få ei eiga lita overrasking – den dukkar nok snart opp i posten ;-)

Sidan det er to ting å feire ville eg ha to premiar denne gangen. Så no har eg vore på Kremmerhuset og snopa litt forskjellig til dykk.

1.premie er mørk lilla hjarteløpar, serviettar og stor lotus telysholdar.

2.premie er lysare lilla løpar, polkadott serviettar og lita lotus telysholdar.

Lilla er jo ein fin haustfarge, og snart så er det jo adventstid også…

Reglane er enkle og sikkert kjent for dei fleste. Eit lodd for kommentar og eit ekstra lodd for å linke (bruk det første bilete). Skriv i kommentaren om du tar eit eller to lodd!

Veldig koseleg om du har lyst å følgja bloggen vidare også, men du får ikkje noko ekstra lodd på grunn av det.

Trekninga vert torsdag 25.november!

Lykke til alle saman!

86 kommentarar til 100 + 1000 = Give Away

Legg igjen ein kommentar

 

 

 

Du kan bruke desse html taggane

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>