Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Heldige meg!

Eg har vore så utruleg heldig å vinne konkurransen inne hjå Marit i Nr 14. Og premien var eit gåvekort frå Photowall på heile kr 2200.

Tusen hjarteleg takk Marit! Gleder meg stort til å finna ut kva vi skal bruka det til. Der er utruleg masse fint å velja mellom, både i fototapet, vanleg tapet og lerretsbilete. Så utfordringa vert berre å klare å bestemma seg for kva ein skal velja… Har heldigvis eit heilt år på oss til å finna ut av det ;-)

Gåvekortet vann eg i ein kjøkkenkonkurranse som Marit har hatt gåande, og i den anledning har ho samla utruleg masse flott kjøkkeninspirasjon over fleire innlegg inne hjå seg. Så er du på jakt etter idear og tips til kjøkken er Nr 14 staden å gå!

Samstundes så kan eg gjera merksam på at no er avstemminga i gang inne hjå Anne på Moseplassen der Frøken Solslikk 2011 skal kårast. Så vil du vera med å stemme på min kandidat Frøken Freia eller ein av dei andre fantastiske kandidatane så kan du gjere det HER fram tom laurdag!

Lykke til til alle dei 97 fantastiske deltakarane!

7 kommentarar til Heldige meg!

Legg igjen ein kommentar

 

 

 

Du kan bruke desse html taggane

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>