Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Eit snev av vår…

På tur i skogen forrige helg fekk eg nesten litt følelse av vår

Det varte riktig nok ikkje så lenge då det byrja å snø att nokre dagar etterpå,  men det var herleg så lenge det varte…

Fantastisk blå himmel, sol og herlege fargar gav eit fint utbytte med kameraet.

Avslappande å gå sånne turar berre i selskap med kameraet og naturen. Gleder meg verkeleg til vinteren slepp heilt taket slik at det vert gangbart lenger uti naturen også.

Eg kan også avsløra at Mannen og eg har oppretta ein ny blogg ilag… Ein rein fotoblogg der vi har tenkt å legge ut diverse bilete framover. Og etter denne turen laga eg mitt første innlegg der… Så har du lyst å sjå fleire bilete frå denne turen kan du gjera det HER.

Her skine sola flott i dag også, så kanskje det kan bli ein ny fototur på meg…? Vi får sjå kva dagen bringer, har eigentleg avtalt ein date med symaskina også så får sjå kven som vinn… Kameraet eller symaskina…. ;-)

Ønskjer dykk alle ein herleg søndag vidare.

10 kommentarar til Eit snev av vår…

Legg igjen ein kommentar

 

 

 

Du kan bruke desse html taggane

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>