Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Nye puter

Har leika meg litt meir med symaskina. Så no har den raude sofaen i stova fått selskap av eit par nye puter.

 

 

Svart/kvit rutete stoff på eine sida og heilsvart på andre sida. Stoffet stammar frå den bunken eg fekk frå Mamma i fjor

 

 

Synest desse passa godt i den raude sofaen. Litt kontrastar. Har enno litt att av dette stoffet så kanskje det vert eit par puter til… Kanskje med rutete stoff på begge sider neste gang… eller kvitt på eine sida… Hmm…

 

 

Det rutete stoffet er litt sånn små psykedelisk å sjå på, men eg likar det.

 

Og så har eg sydd i min første glidelås :-D

 

 

Vart i grunnen veldig fornøgd og synest eg fekk det ganske så bra til. Eg fann ei oppskrift på bloggen Design Sponge som var ganske lett å følgja og som gav eit pent resultat. Vil du også sjå finn du oppskrifta HER

 

Og med det tipset ønskjer eg dykk alle ei
riktig god helg!


1 kommentar til Nye puter

Legg igjen ein kommentar

 

 

 

Du kan bruke desse html taggane

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>