Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

København

Vel tilbake frå ein fin tur til København. Vi var stort sett heldig med været, for min del var det i alle fall til tider rikelig varmt… Kjenner nok på at eg ikkje har bruk for noko tropevarme akkurat denne sommaren… ;-)

Sjølv om det var ein jobbtur var det lagt opp til litt sosialt program også.

 

Mellom anna fekk vi ein guida tur til Carlsberg Bryggeri

 

 

 

Må innrømma at eg vart positivt overraska over kor interessant det var å høyra på historia rundt bryggjeriet… Dyktig guide som fortalde. Så sjølv om eg ikkje kunne ta del i alle smaksprøvane som vi fekk til lunchen her, så var det absolutt verdt turen.

 

 

Litt kultur fekk vi også tid til, ein rask runde gjennom Glypoteket – eit internasjonalt kunstmuseum

 

 

Der var mellom anna masser av flotte skulpturar. Men…må nok innrømma at det var litt for varmt til å gå rundt der inne for lenge… Aircondition er dei tydeligvis ikkje noko flink til i Danmark…

 

 

Då var det friskare med ein båttur :-) Ein times kanaltur med engasjert og dyktig guide – det kan eg anbefala.

 

 

Så då fekk eg eit lite glimt av Den Lille Havfrue også. Må jo liksom få den med når ein er i København…

Og naturlegvis, god mat… her representert med ein nydeleg forrett på restaurant Brewpub

 

Ravioli med rilette af and

 

Var verkeleg godt! Men, det eg jo burde tatt bilete av var desserten, Dobbel Chokolademousse. Det var rett og slett den beste sjokolademoussen eg nokon gang har smaka… Smelta på tunga… Himmelsk… Så er du innom her ein gang, så kan den anbefalast på det aller sterkaste!

Programmet var tett, så shopping vart det dessverre ikkje tid til… eller kanskje det var like greitt… tenker det vert nok baby-shopping på meg framover sommaren uansett… ;-)

 

Denne helga har vore roleg og avslappande – har prøvd å halde beina høgt og stressnivået lavt… For det er klart, kjenner jo at ein vert litt meir sliten av ein sånn tur no enn til vanleg…

No er eg klar for ei siste arbeidsveke – så er det ferie! Herleg :-D

 

Ha ei fine ny sommarveke!

5 kommentarar til København

  • ingvild

    Heldige du som snart har ferie… Angrer endel på at jeg ikke skal ha ferie før ut i august… Men det går vel det også!

    Kjøben er en herlig by – vi skulle absolutt innvilget oss en jentetur der en gang i fremtiden!
    Klem fra meg

  • Det så virkelig ut som om dere har hatt en super tur til København. Jeg er ingen øldrikker, men kan tenke meg det var interessant å få en guidet tur rundt i fabrikken. Jeg har vært flere ganger i København, men tror faktisk ikke jeg har sett Den lille havfruen i «levende live» enda – ikke bra :-( Beskrivelsen av den sjokolademoussen fikk jammen tennene til å løpe i vann – mmmm :-)

    Så deilig det blir med ferie. Her er det fortsatt 3 uker til ferien begynner. Det er greit så lenge det regner, men kommer finværet tar jeg nok ut etpar fridager før den tid…

    Ha en flott uke Randi!

    Klem
    Netta

  • Åh nå fikk jeg skikkelig lyst på Køben tur:) det er så fantastisk der:):) Er som en liten koselig by, selvom det er en hovedstad… masse fine butikker og kjempegode restauranter:)
    Nydelig babytøy under her:) En deilig tid:)

    Klem Lise

  • Flott i Danmark og ser jo ut som du fikk kosa deg selv om du måtte stå over smaksprøvene;) Symaskina di har fått kjørt seg masse siden sist jeg titta innom. Veldig så flott krabbeteppe og puter:)

    Kos deg videre med voksende mage og sommer:)

  • Aldri vore der eg..
    godt du hadde kjekk tur :-)
    God sommarferie!!

Legg igjen ein kommentar

 

 

 

Du kan bruke desse html taggane

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>