Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Rundvask og vinnarlykke

Kvardagen er tilbake på alle måtar. Ferien er over og eg er tilbake i arbeid att.

Er nøgd med at eg framleis er så oppegåande at eg kan gå i arbeid. Kjenner jo naturlegvis at ting begynner å bli tyngre, ting tar tid og eg er nok ikkje like effektiv som eg er til vanleg, men… godt å klare å gjera noko anna enn å berre sitte å vente…

Og denne helga har vore vaskehelg. Fann ut det var på sin plass med ein liten rundvask før prinsen kjem.  Og med det fine været vi har hatt var det jo perfekt å berre få hiva alt laust ut på terrassen og setta i gang nedvasking inne.

 

 

Men sjølv er eg såpass lite bøyeleg og tøyeleg for tida at det vart nok Mannen som fekk ta største jobben… Medan eg tørka litt støv av pynteting her og der og gjorde litt sånn diverse småarbeid i passande arbeidshøgde, så var det han som klatra høgt og lavt og fekk vekk støv langs lister og i kroker.

 

 

Og når teppa skulle bankast og vi kom på at vi framleis ikkje har noko teppebankar, ja då fekk han vera kreativ ;-)

Så glad for at Mannen tok over styringa og jobben med å få huset i orden her, hadde nok ikkje vorte gjennomført utan han…

 

 

Og apropos vasking, her er Mannen nok ein gang i aksjon tidlegare i sommar, vasking av mi gamle barneseng :-D Men den skal de nok få sjå meir av seinare.

 

Og så har eg vore så heldig å vunne give away inne hjå Lykke Lise. Det nydelege smykket Love Cup frå Stamped under the moon.

 

 

Så no må eg berre bestemma meg for tekst inni smykket… Om eg kanskje skal gå for namna på alle i vår vesle kjernefamilie… og om vi i så fall er klar for å fastsetta namnet på den komande prinsen… Hmm… i tenkeboksen her… Men tusen takk til Lykke Lise for at eg fekk vera den heldige vinnaren ;-)

 

 

8 kommentarar til Rundvask og vinnarlykke

  • ingvild

    Ja… Han er flink han mannen din ;o)
    Herlige bilder… Han kan når han vil… hihi.

    Klem fra meg.

  • Så nydeleg eit smykke! Gratulere :-)

    Og godt at du slepp klatre etc..

    klem til deg

  • lunalu

    Hei Randi!
    Så fint at jeg fant bloggen din igjen! Har vært borte fra blogglandia ei stund, men har tatt opp bloggingen igjen – med ny blogg!
    – Og så skal du ha baby… så koselig!!! Fint at du har en mann som hjelper til!
    Gratulerer så mye med vinnerlykke – det var et veldig fint smykke!!!
    Ønsker deg fine sommerdager
    Hilsen Lunalu (nå Hagealven)

  • Tror du han har lyst til å ta seg en tur hit for litt rundvask også ;)
    Så fin seng bebbisen skal få! Og så gøy at det har vært din!
    nydelig smykke du har vunnet!
    Håper formen er bra!
    klem
    Lise

  • Skikkelig kreativ den teppebankeren:) Morsomt at du har tatt vare på den gamle barnesenga også. Håper du har greie dager selv om du ikke er så bøyelig og tøyelig:)

  • Så flott at mannen tok rundvasken hjemme, det ser virkelig ut som om han jobba skikkelig. Jeg vet ikke hvordan det er med dere, men hjemme hos oss er det somregel jeg som ordner i heimen og mannen som har ansvar for garasjen. En grei fordeling forsåvidt. Det ser uansett ut som om din mann klarer oppgaven strålende så da vet du det til en annen gang ;-)

    Så heldig du var som vant det nydelige smykket – gratulerer! Litt kinkig med den lille som ikke har fått navn enda, men det finner du nok ut av.

    Ha en fin kveld!

    Klem
    Netta

  • Hei Randi :)
    Hehe, måtte trekke på smilebåndet her ღ kreativt å bruke spaden – herlig bilde… Ja, kjekt å få tatt rundvask når det er flott vær, få luftet og hengt ut – og kjekt å få det unnagjort før høst og vinteren setter inn. Fin arbeidsfordeling dere også har ღ Og gratulerer så mye med det flotte smykke du vant hos Lise :) Ønsker deg en fortsatt fin kveld og uke, stor klem fra Mette

  • Du kan bare maile meg tekst når lillegutt er født vennen, det gikk visst helt fint:):)

    Klem klem

Legg igjen ein kommentar

 

 

 

Du kan bruke desse html taggane

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>