Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Rundvask og vinnarlykke

Kvardagen er tilbake på alle måtar. Ferien er over og eg er tilbake i arbeid att.

Er nøgd med at eg framleis er så oppegåande at eg kan gå i arbeid. Kjenner jo naturlegvis at ting begynner å bli tyngre, ting tar tid og eg er nok ikkje like effektiv som eg er til [...]

Nye puter

Har leika meg litt meir med symaskina. Så no har den raude sofaen i stova fått selskap av eit par nye puter.

 

 

Svart/kvit rutete stoff på eine sida og heilsvart på andre sida. Stoffet stammar frå den bunken eg fekk frå Mamma i fjor

 

 

Synest desse passa godt [...]

Ny Green Gate

Ny Green Gate er komen i hus. Min andre kopp, nok ein polkadott utgåve, og også denne gangen kom den i form av potte for perleblome.

 

 

Liker denne fargen godt. Kunne i grunnen godt hatt litt fleire av den eigentleg… eller kanskje eg skulle hatt ein av kvar farge, ingen like…?

[...]

Tomt

Og plutselig var det visst gått ei heil veke… Det går litt tid mellom innlegga mine for tida, er visst ikkje heilt i bloggemodus, men det går nok over smått om senn.

Vi har kjøpt tomt

Vi signerte faktisk kontrakten rett før jul, men eg har jo rett og slett [...]

Time for tea

I dag har det vore ein skikkeleg våt og grå dag. Surt og kaldt – perfekt vær til å nyte ein god kopp te innandørs.

For litt sidan kom vi over denne te-boksen her

Enkel og fin å organisera dei firkanta te-posane min i.

Twinings of London står både på utsida på [...]

Årets juletre

Då måtte eg berre ta meg ein liten pause frå julemat og julekos for å visa dykk årets juletre.

Men korleis ta gode bilete av juletre? Det er ikkje så lett! Vil jo så gjerne få med stemninga det gjev med lys og alt. Kom fram til at løysinga vart mørklagt rom (med unntak [...]

Julekrans og julesøm

Då har julekransen kome opp ute på veggen ved inngangsdøra.

Synest ikkje den vart så aller verst med tanke på at det var mitt første forsøk på kransebinding. Liker at det er litt farge til jul, så raudrutete band frå Åhlens gav litt liv til kransen.

Var også fornøgd med God Jul [...]

Sinkhus & sviblar

Eit lite enkelt juletablå beståande av sinkhus og sviblar har fått plass på toppen av det gamle telefonbordet vårt.

Telefonbordet er det vi kjøpte på loppemarknad i vår, så ja, det er framleis umåla. Og jo lenger det står her slik jo meir usikker blir eg på om det skal målast [...]

Adventshelg

Då er første søndag i advent her, og vi kan endeleg få begynne å fylle huset med julestemning. Så koseleg!

På kjøkkenet er julegardinene komne opp

Enkle raude gardiner som gjev akkurat den rette stemninga. Og bak gardina kan ein skimte den elektriske adventsstaken. Vindauget går ut mot inngangspartiet, så er litt koseleg [...]

Litt nytt i vindaugskarmen

No er sesongen for bloma definitivt over i hagen her. Det flotte haustveret vi har hatt er også forsvunne for denne gang. Grått og vått og tungt ute i dag. Då er det kjekt å ta inn litt meir farge i vindaugskarmen synest eg.

Ser det var flott sol den dagen eg tok [...]