Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Vårklar

Her er herlege dagar for tida. Våren er i full gang.

I steinbeder på terrassen spirer det som berre det.

 

 

Tulipanar og påskeliljer er på veg opp, medan Klosterklokkene står i full blom.

 

 

Fekk ei rot av mor mi i fjor, og det ser ut for at dei har funne seg godt til rette hjå meg også.  Synest dei er høgreiste og fine.

 

 

Vakre kroner.

 

 

Også på plenen er våren så smått i gang. Der innimellom grastustane står eit par herleg fargesprakande krokus.

To som er solgul og fin og bringer håp om ein solrik sumar

 

 

Og ein herleg lilla som rett og slett skal få lov vera min kandidat til Frøken Vårtegn 2011 inne hjå Anne på Moseplassen.

 

 

Frøken vårklar.

 

Vil du vera med på konkurransen du også har du enno litt tid… Påmeldingsfrist er 13. april. Mange fine kandidatar som er påmeldt allereie, men alltid plass til ein til… :-)

 

Ønskjer alle flotte vårdagar vidare!

Ny Green Gate

Ny Green Gate er komen i hus. Min andre kopp, nok ein polkadott utgåve, og også denne gangen kom den i form av potte for perleblome.

 

 

Liker denne fargen godt. Kunne i grunnen godt hatt litt fleire av den eigentleg… eller kanskje eg skulle hatt ein av kvar farge, ingen like…?

 

 

I tillegg til koppen fekk eg også to eggeglas i same stil :-) Søte.

 

 

Så desse får no pryda frukostbordet vårt i helgene. Er stort sett då vi har tid til å koka egg…

 

Anar eg kanskje ein liten start på ein GG samling her…?

Eg hadde vel eigentleg ingen planar om det, men når dei berre kjem i hus sånn heilt utan min hjelp så er det jo ikkje min skyld… :-D

 

Ønskjer alle ei strålande vakker helg!

 

Ny leikekamerat

Og plutseleg var det gått to veker…  Tida går så alt for fort og bloggen har vorte litt nedprioritert i det siste. Men eg er no her enno… ;-)

Tenkte eg skulle vise fram min nye leikekamerat :-)

 

 

Nikon Speedlight SB-700 – ein allsidig blits som er enkel å bruke… Men litt er det nok å setta seg inn i.

 

 

Den har ein rekke avanserte funksjonar som gjer det enkelt å styre kvaliteten og retninga på lyset, samstundes som den skal vera lett og intuitiv å bruke… Kjekt å ha ein god blits til innandørsbruk og i dårleg lys. Så no er det berre å setta seg ned å lesa seg opp på manualen som følgde med…eller å berre prøva seg fram og satsa på å få litt tips undervegs frå andre likesinna i området… :-D

 

Og så må eg jo berre visa den fine veska eg også fekk hjå Mannen

 

 

Så fornøgd :-) og i grunnen litt imponert over Mannen som berre utifrå nokre enkle sånn ca forklaringar klarte å finna ei veske som var akkurat sånn som eg ville ha… Enkel, romslig og med lang skulderreim.

 

No er det sommartid, vi går inn i siste veka i mars og ute har det så smått byrje å spire og gro. Så no er verkeleg våren i anmarsj her! Herleg :-)

 

Ha ein fin søndag vidare!

 

Snø og bursdagsfeiring

Alle spor av vår som eg meinte eg hadde funne ute er no dekka att av eit nytt lag med snø. Ikkje akkurat det eg ønska meg for dagen…

 

 

Men, man kan vel ikkje få alt ein ønskjer seg… Noko eg har ønska meg har eg likevel fått idag… :-) Men det skal de få sjå seinare.

 

 

Akkurat no tenkte eg eg berre skulle freista dykk med dagens kaker… :-D

 

Ostekake med jordbær og fyrstekake. Har ikkje prøvd meg på nokre av dei før, så litt spent på resultata. Eller dvs… fyrstekaka har vi allereie lurt oss til å smaka på, og den var definitivt godkjent ;-)

 

 

Håper alle har ein fin fin søndag
med eller utan snø og kaker!

Helg og litt vår i huset

Fredag er den beste dagen i veka synest eg. Helga ligg framfor oss med løfte om seine frukostar og ingenting ”må-gjere-lista” ;-)

Nokre skjøne perlebloma gjev ein forsmak på våren. Ser det har byrja så smått å spire og gro ute også, så herleg! Viss vi berre kunne fått litt meir varme også no så hadde vi nesten vore der… og litt sol då naturlegvis…. Det er vel ikkje for masse å be om det vel…?

Takker for alle gratulasjonar og herlege kommenarar på forrige innlegg.  Er verkeleg godt nøgd med tomta vi også. Spesielt utsikten naturlegvis :-) Gleder oss til vi finn draumehuset og kan setta i gang…

Men no skal vi først nyta ei helg heilt utan planar :-D

Riktig god helg til dykk alle!

Tomt

Og plutselig var det visst gått ei heil veke… Det går litt tid mellom innlegga mine for tida, er visst ikkje heilt i bloggemodus, men det går nok over smått om senn.

Vi har kjøpt tomt :-)

Vi signerte faktisk kontrakten rett før jul, men eg har jo rett og slett gløymt å visa dykk bilete… Ein fantastisk tomt rett i sjøkanten, og utsikten ser de på bilete over her. Fantastisk! Utsikt rett utover fjorden der sola går ned i horisonten… Her skal det med tid og stunder bli tatt mange mange solnedgangsbilete, det trur eg nesten eg kan garantera ;-)

Så no er vi så smått i gang med å leita etter draumehuset. Ingen enkel jobb ser eg. Og alle gode tips om kva ein berre må passe på å få med når ein skal bygge nytt hus tas i mot med takk :-D

Ønskjer alle ei herleg ny veke!

Eit snev av vår…

På tur i skogen forrige helg fekk eg nesten litt følelse av vår

Det varte riktig nok ikkje så lenge då det byrja å snø att nokre dagar etterpå,  men det var herleg så lenge det varte…

Fantastisk blå himmel, sol og herlege fargar gav eit fint utbytte med kameraet.

Avslappande å gå sånne turar berre i selskap med kameraet og naturen. Gleder meg verkeleg til vinteren slepp heilt taket slik at det vert gangbart lenger uti naturen også.

Eg kan også avsløra at Mannen og eg har oppretta ein ny blogg ilag… Ein rein fotoblogg der vi har tenkt å legge ut diverse bilete framover. Og etter denne turen laga eg mitt første innlegg der… Så har du lyst å sjå fleire bilete frå denne turen kan du gjera det HER.

Her skine sola flott i dag også, så kanskje det kan bli ein ny fototur på meg…? Vi får sjå kva dagen bringer, har eigentleg avtalt ein date med symaskina også så får sjå kven som vinn… Kameraet eller symaskina…. ;-)

Ønskjer dykk alle ein herleg søndag vidare.

Heldige meg!

Eg har vore så utruleg heldig å vinne konkurransen inne hjå Marit i Nr 14. Og premien var eit gåvekort frå Photowall på heile kr 2200.

Tusen hjarteleg takk Marit! Gleder meg stort til å finna ut kva vi skal bruka det til. Der er utruleg masse fint å velja mellom, både i fototapet, vanleg tapet og lerretsbilete. Så utfordringa vert berre å klare å bestemma seg for kva ein skal velja… Har heldigvis eit heilt år på oss til å finna ut av det ;-)

Gåvekortet vann eg i ein kjøkkenkonkurranse som Marit har hatt gåande, og i den anledning har ho samla utruleg masse flott kjøkkeninspirasjon over fleire innlegg inne hjå seg. Så er du på jakt etter idear og tips til kjøkken er Nr 14 staden å gå!

Samstundes så kan eg gjera merksam på at no er avstemminga i gang inne hjå Anne på Moseplassen der Frøken Solslikk 2011 skal kårast. Så vil du vera med å stemme på min kandidat Frøken Freia eller ein av dei andre fantastiske kandidatane så kan du gjere det HER fram tom laurdag!

Lykke til til alle dei 97 fantastiske deltakarane!

Hjartesmykke

I dag på alle hjarters dag tenkte eg eg skulle visa dykk eit herleg smykke som eg fekk av Mannen for ei tid tilbake. Eit stilig hjartesmykke.

Har fått veldig mange kommentarar på smykket når eg brukar det. Og eg må jo sei meg einig eg, smykket er stilig i seg sjølv. Men, så kjem den delen som gjer det endå litt stiligare;-) For smykket er ikkje berre eit smykke, det er nemleg også…

ein minnepenn… Stilig eller…? Så i staden for som i ”gamle dagar” då ein gjekk rundt med eit sølvhjarte med eit bilete av sin kjære inn, så kan eg gå rundt med eit stort raudt hjarte om halsen, med tusenvis av bilete av min kjære inni… ;-)

Ønskjer alle hjarter ein vakker dag!

Frøken solslikk

Det er tid for ny konkurranse hjå Anne på Moseplassen

Denne gangen er det Frøken solslikk 2011 som skal kårast. Og no skal vi mimre litt og drømme oss vekk i tidlegare sommargleder medan vi venter på årets.

Og det første eg tenkte på når eg såg det denne gangen skulle handla om sol, farge og sommarglede var den praktfulle utsikta vi hadde frå vårt ferieparadis.

Knallblå himmel og sjø kombinert med frisk grøn eng. Og i midten, Frøken Freia med familie på badetur. Når det er så varmt at sjølv kyrne tar seg ein dukkert, då er det skikkeleg sol og sommar då!

Nå bader de for Freia igjen… ;-)

Så dette var min kandidat til Frøken solslikk 2011 – Frøken Freia.

Har du lyst å henge deg på i konkurransen er den open fram til 13.februar. Finn fram din frøken solslikk og bli med då vel… :-D