Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Heimelaga hamburgar

Som nemnt stod det heimelaga hamburgar på menyen hjå oss i helga som var. Og det vart stor suksess!

Prøvde meg på ein oppskrift på grove hamburgarbrød, og den skal eg absolutt bruke igjen.

Deigen var lett å arbeida med og dei heva seg fint. Eg laga som vanleg dobbel oppskrift og då fekk eg 2o fine brød.

Tenkte eg kunne dele oppskrifta her dersom det er fleire som kunne tenke seg å prøve.

Når det gjeldt sjølve hamburgaren så laga vi den utan noko spesiell oppskrift. Det vart karbonadedeig, egg, litt potetmjøl og diverse krydder sånn etter innfallsmetoden. Men det fungerte fint det :-) Og tilbehøret skal gjerne vera fargerikt!

Så har du ikkje planlagt menyen for helga enno, så kan eg anbefale dette!

Helg med pakke i posten

For litt sidan var eg så heldig å vinna ein GiveAway inne hjå gode Elin med dei flotte Draumesidene. Og i går kom det pakke i posten.

Det var jo ein herleg måte å starta helga på :-) Inni pakken var det ein ny pakke i celofan og silkepapir i herleg frisk turkis farge som er så representativ for Elin for tida… ;-) Og rundt var det knytt ein skjønn merkelapp med klem frå Elin

Inni pakken låg det ikkje ein, ikkje to men heile 12 gamle sandkakeformer… Herleg slitt og prega av tidens tann…

Tusen takk Elin, ei kjempeflott gåve!

Helga er i gang med tendensar til sol og det er herleg, har ikkje vore for masse av det i det siste… Men eit og anna snøfnugg i lufta også, så ikkje noko varme. Så her blir det nok fyr peisen til i kveld :-)

Kveldens meny blir heimelaga hamburgar. Gjorde klar ein deig til grove hamburgarbrød før frukost og no er det vel på tide å koma seg tilbake på kjøkkenet for å trille brød. Har ikkje prøvd dette før, så litt spent på resultatet. De skal nok få høyra om det, om det vert vellykka i alle fall… ;-)

Ønskjer alle ei strålande flotte helg!

Grove vaflar

I fjor prøvde eg meg på ei oppskrift på grove pannekaker.

Eg sa då at oppskrifta også kunne brukast til grove vaflar, og endeleg har eg fått prøvd det ut også…

Og det skal eg jammen gjera fleire gangar. Kjekt å kunne introdusere litt grovare variantar av gamle gode oppskrifter. Og å kunne nyte noko godt til kaffien med litt betre samvit er jo alltid kjekt.

Eg laga som alltid ;-) dobbel oppskrift, og det vart sånn ca 2o plater. Supergode med litt rømme og heimelaga jordbærsyltetøy på!

Og det beste er, vi har meir igjen til i dag… :-D

Time for tea

I dag har det vore ein skikkeleg våt og grå dag. Surt og kaldt – perfekt vær til å nyte ein god kopp te innandørs.

For litt sidan kom vi over denne te-boksen her

Enkel og fin å organisera dei firkanta te-posane min i.

Twinings of London står både på utsida på lokket og i gull på raud fløyel inni lokket.

Har vel sett liknande type esker på kafear før, men er godt nøgd med å ha fått min eigen.

Og dei posane som ikkje er så firkanta i forman, dei får plass i to søte lyseblå GG boksar.

Vinter er jo litt te-tid for meg, så kjekt å ha nokre fine boksar å oppbevara det i i staden for dei kjedelege pappeskene dei kjem i.

No håpar eg verkeleg det berre fortsett å regne til all isen er vekke. Har vore litt sånn risikosport å gå på tur i det siste, sjølv om eg har kjøpte meg broddar. Så no håpar eg på betre føre, elles går jo alle gode nyttårsforsett i vasken lenge før januar er over… ;-)

Hugs på småfuglane

På tampen av fjoråret kjøpte vi oss ny fargerik fuglematar frå rice

Syntes desse var litt stilige, og så praktisk med litt sterk farge på dei, så vert det lettare å finna igjen i snøkaoset;-)

No har Mannen laga til eit enkelt stativ til å henga den opp på ute på terrassen.

Så no heng den å svinge seg der ute i vinden og snøkave.  Er så koseleg å sitta inne å sjå på småfuglane som er på besøk der ute.

Desse er fylt med meisebollar. Ser ut for at det snart er på tide å fylla på med litt nytt.

Er du flink til å hugse på småfuglane om vinteren….?

Brød og tulipanar

Sjølv om jula er rydda ut så betyr ikkje det at det er slutt på raudt her i huset.

Er glad i å omgje meg med litt fargar, og raudt er absolutt ein av favorittane. Spesielt i bloma er det jo flott med klåre raude farga. Så denne buketten med friske raude tulipanar lyser fint opp på loppebordet vårt.

Dei lukta utruleg godt også. Var skikkeleg masse lukt av desse tulipanane. Friskt og litt søtleg. Og etterkvart som dei byrje å opne seg kjem dei kvite sjatteringane langs kantane meir fram også.

No duftar det derimot mest av herleg nybaka brød her – det går framleis fast i grovbrødet vi byrja å baka i fjor.

Har så godt som slutta heilt å kjøpa brød etter eg byrja å bake dette. Eit godt og mettande brød som eg kan anbefala!

I dag har det lava skikkeleg ned her. Masser av snø som så gjekk over til sludd og som no er vorten til regn… Ikkje noko særleg freistande å bevega seg utanfor døra i dag. Vi skulle eigentleg å besøke nokre venner i kveld, men har rett og slett funne ut at vi forskanse oss inne i staden. Begynner verkeleg å glede meg til våren eg… på alle måtar… :-D

Ønskjer dykk alle ei fine helg
med eller utan snø/sludd/regn

Frøken Iskunst

Då er jula over og det nye året i gang. Vert alltid litt tomt med ein gang jula er rydda ut synest eg. Men, er no godt også då. For når jula er over kan eg jo begynna å venta på våren:-D

Er nok litt tidleg å tenka på våren enno, i dag kom det meir snø eller rettare sagt slaps her. Ikkje så veldig koseleg vær ute akkurat… Men, vinteren kan også vera veldig fin.

Dagens bilete er frå ein liten vintarleg fotosafari Mannen og eg var på i slutten av november. Då var det masser av fin frost og is ute. Så då gjekk vi på jakt etter iskunst. Og vi fann masse!

Skal ein få fanga dei gode bileta må ein gjerne leggja seg ned på bakken både her og der… Her er Mannen i gang med å få nokre nærbilete av isen i ei lita elv vi passerte.

No passa det jo veldig bra at Anne på Moseplassen akkurat har satt i gang ny konkurranse, og denne gangen med temaet frost.

Så då må eg jo bli med eg også med eit av isbileta mine.

Og mitt bidrag blir då Frøken Iskunst:

Er du som meg så har du sikkert som nyttårsforsett å koma deg meir ut på tur, så tar du då med deg kameraet i same slengen, har du no sjansen til å både kome godt i gang med nyttårsforsetta og bli med i ein liten uformell konkurranse samstundes. Det må jo vera bra vel…? Du har fram til 15.januar for å verta med du også, så heng deg på!

Årets juletre

Då måtte eg berre ta meg ein liten pause frå julemat og julekos for å visa dykk årets juletre.

Men korleis ta gode bilete av juletre? Det er ikkje så lett! Vil jo så gjerne få med stemninga det gjev med lys og alt. Kom fram til at løysinga vart mørklagt rom (med unntak av juletreet naturlegvis), stativ og lang lukkertid.

Heilt like fint som i røynda vert det jo aldri, men… litt av stemninga kom no med…

Men så var det pynten då… Vil jo gjerne få den godt fram også… Og den største utfordringa her var å bestemma seg for kva av pynten eg skulle ta bilete av… ;-) Vi tok nok litt av når vi var på Julehuset i Bergen for å handla i fjor… Dei har jo masse fint, og sånn ”ekte” god gamaldags julepynt som du må vera forsiktig med…

Herlege kuler med og utan tekst, kongler, bjøller og sukkersteng, alt i herleg skjørt glasliknande materiale og i mange slags klåre fine farga.

Men, også andre artige figurer;

Bil, tog, juletre, hus, snømenn, bamsar, sko og naturlegvis fuglar med skikkeleg stjert og sopp må ein jo også ha…

Er verkeleg godt nøgd med juletreet vårt i år. ( Det var eg vel i fjor også forresten, men årets er jo alltid det finaste eller…?)  Nesten litt trist å tenke på at det snart skal tas ut att…

Men det skal no få stå litt til og vera med å pryda huset til nyttårsfest på fredag. Kalkunen er tatt opp til tining, sånt tar visst litt tid har eg lest… Har aldri laga heilsteikt fugl før, så det blir litt spanande. Om nokon har gode tips til tilbereding, stuffing eller tilbehør så tas alle gode råd imot med takk ;-) Har du ein fast tradisjon for nyttårsmenyen?

Ønskjer alle ei fortsatt god romjul!

Julekort til DEG

Den store bakedagen

Det har vorte lite blogging på meg i det siste. Julebord, julekonsert, juletreff, julegåver, julepynting, julebakst og andre julesysler har tatt det meste av fritida i det siste.

Er nesten rart at ein har tid til å gå på jobb i denne juletida… Men, det må ein jo også liksom. Så då har det dessverre vorte bloggen som har blitt nedprioritert.

Men, her er no eit lite livsteikn frå meg :-D

I dag har eg hatt den store bakedagen her. Det vart nok ikkje alle dei sju slaga, men vi har no ein god start her.

Kokosmakronar er liksom eit must i jula. Så dei må eg baka kvart år.

Supergode og like perfekte kvar gang :-)

I tillegg har eg prøvd ut nokre nye litt sunnare oppskrifter i år. Fann to oppskrifter på søtt utan sukker inne hjå Tinos. Sjølv om vi tåler både sukker og mjøl, så er det jo greitt å kunne prøve å vera litt sunnare i jula også…

Først ut var kransekakestenger

Kransekake er jo berre SÅ godt, så å finne ein sunnare utgåve av dei hadde jo vore toppen. Og dei vart faktisk ikkje så verst desse her. Ikkje heilt som originalen, men så lenge eg ikkje tenke på at det kransekake men heller ei form for mandelstang så var dei til og med god ;-)

Så prøvde eg meg på Tino’s julecookies

Og dei vart veldig gode. Så dei er eit godt alternativ til dei sukkerholdige.

Alltid litt artig å prøva ut nye oppskrifter. Men, etter ei totaloppsummering av dagens eksperimentering på kjøkkenet, så trur eg kanskje eg heldt ein knapp på dei ”originale” oppskriftene så lenge eg tåler alle ingrediensane. Så får eg heller vera sunn med å lage mindre porsjonar ;-) Men ok å ha nokre sånne oppskrifter også.

Til slutt må eg berre visa dei nye juleputene eg har sydd til kjøkkenstolane.

Fekk ein del julestoff frå mamma og så langt har det resultert i desse juleputene, men har framleis ein del igjen av stoffet, men muleg eg sparar resten til neste jul…

Syntes det var så flott og herleg juleraudt. Og dekorert med kristtorn.  Gav ein lun og fin stemning på kjøkkenet med desse. Resten av kjøkkenet er litt prega av å ha vore åstad for dagens bakedag, så det får de ikkje sjå bilete av… ;-)

Og så er fjerde søndag i advent snart over, og no nærmar jula seg verkeleg med stormskritt. Det meste er under kontroll trur eg, så litt meir pynting og rydding her og der no så kan jula koma.

Ønskjer alle ei flotte siste veka fram mot jul!