Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Eit snev av vår…

På tur i skogen forrige helg fekk eg nesten litt følelse av vår…

Det varte riktig nok ikkje så lenge då det byrja å snø att nokre dagar etterpå,  men det var herleg så lenge det varte…

Fantastisk blå himmel, sol og herlege fargar gav eit fint utbytte [...]

Frøken solslikk

Det er tid for ny konkurranse hjå Anne på Moseplassen. 

Denne gangen er det Frøken solslikk 2011 som skal kårast. Og no skal vi mimre litt og drømme oss vekk i tidlegare sommargleder medan vi venter på årets.

Og det første eg tenkte på når eg såg det denne gangen skulle handla om [...]

Frøken Iskunst

Då er jula over og det nye året i gang. Vert alltid litt tomt med ein gang jula er rydda ut synest eg. Men, er no godt også då. For når jula er over kan eg jo begynna å venta på våren…

Er nok litt tidleg å tenka på våren enno, i [...]

Årets juletre

Då måtte eg berre ta meg ein liten pause frå julemat og julekos for å visa dykk årets juletre.

Men korleis ta gode bilete av juletre? Det er ikkje så lett! Vil jo så gjerne få med stemninga det gjev med lys og alt. Kom fram til at løysinga vart mørklagt rom (med unntak [...]

Frøken hagegjest 2010

Då er det tid for ny konkurranse hjå Moseplassen. No er det Frøken Hagegjest 2010 som skal kårast.

Og denne gangen er det premier å henta også, i tillegg til heider og ære! Noregs beste fugleguide frå Gyldendal og en utruleg skjønn fuglematar frå I Gros hage. Så då er det berre å [...]

Tur over vidda

I helga var vi og eit vennepar på ein flott tur over Bergens vidda.

Vi gjekk frå Fløyen til Ulrikken. Været var fantastisk og vi hadde satt av dagen, så det vart ein herleg tur.

Vi brukte rundt seks timer frå topp til topp, inklusive matpausar og fotopausar.

Det gode været [...]

Ut på tur

Det er fantastiske dagar vi har for tida. Sola skin som berre det og det er så herleg å koma seg ut på tur.

Søndagen var vi på ein flotte liten fjelltur. No er det sikkert ikkje alle som vil kalla det skikkeleg fjelltur, men det var no ein store haug vi skulle opp [...]

Ørnesafari

Den flottaste naturopplevinga vi har hatt i sommar, var då vi fekk nærkontakt med ei havørnfamilie. Havørn er verkeleg eit majestetisk syn.

På ein av våre turar var der to ørnar som sirkla over oss i lengre tid. Dei flaut på vinden og hadde ein flott oppvisning for oss.

Etter [...]

Huset i ferieparadiset

Her kjem litt fleire bilete av utsida av huset i årets ferieparadis. Idyllisk og fredeleg og nesten litt bortgjømt ligg det her heilt for seg sjølv.

Fasaden på huset er prega av ulike materiale pga vedlikehald i fleire rundar. Her er framsida, samt vindauge til soverommet vårt i andre etasje.

På baksida [...]

Ferieparadiset

Må berre få visa dykk litt fleire bilete frå årets ferieparadis.

Huset er stort og gamalt og fylt av sjarmerandes detaljar. Det ligg heilt for seg sjølv og er liksom skjerma frå resten av verda.

Og utsikten ned mot fjøra er jo enkelt og greitt eit  klassisk drømmemotiv.

Vidare sørover på øya [...]