Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Nye puter

Har leika meg litt meir med symaskina. Så no har den raude sofaen i stova fått selskap av eit par nye puter.

 

 

Svart/kvit rutete stoff på eine sida og heilsvart på andre sida. Stoffet stammar frå den bunken eg fekk frå Mamma i fjor

 

 

Synest desse passa godt [...]

Krabbeteppe

Då var det visst plutseleg gått ein heil månad sidan sist… Restenergien etter endt arbeidsdag har gått med til andre ting enn bloggen i det siste. Formen er framleis fin, men begynne jo så smått å merka at eg blir større…

Noko av det eg har fått gjort sidan sist er å ferdigstilla [...]

Juleverkstad – kreative kreasjonar

Det vart ein riktig så vellykka juleverkstad i går. Masse kos og moro, og litt juleproduksjon… Ein perfekt miks. Takkar deltakarane for innsatsen – og gleder meg alt til neste års verkstad

Noko nytt som vi prøvde i år var perlehjarte.

Ståltråd og treperler i ulike fargar. Enkelt og dekorativt.

[...]

Juleverkstad – for vaksne

I kveld er det klart for juleverkstad. Vi og eit vennepar har starta opp ein tradisjon der vi utnytter det at det er lov å vera litt barnslig i samband med desse høgtidene våre. Så då har vi påskeverkstad hjå dei og juleverkstad hjå oss. Og i kveld er altså kvelden for juleverkstad

[...]

Hekta på stoff – treng din hjelp

Bør vel her starta med å klargjera at stoffet eg er hekta på er altså bomull, lin, silke og den slags, ikkje noko farlegare enn det

Til bryllaupet i fjor fekk vi symaskin. Veldig fornøgd med det, men må innrømma at eg ikkje har tatt den skikkeleg i bruk enno. Men no er [...]

Spraymåla påskeegg

Då har eg testa ut nok ein måte å dekorera påskeegg på. Spraymåling

Tenkte det kunne vera ok å laga nokre egg som var litt tøffare på ein måte, litt meir minimalistiske og tja industriprega kanskje…?

Kjøpte vanlege rimelege påskeegg og prøvde meg på [...]

Påskeverksted

I går kveld var vi på hyggeleg påskeverksted hjå gode vener. Der fekk vi laga litt ny kreativ påskepynt. Så no må eg berre dela litt av prosessen med dykk.

Vi ”dyppe-måla” egg

Vi laga krakelerte egg

Vi måla snope-egg og pynta med litt decoupage

[...]

Enklare blir det vel ikkje…?

Nok eit lite eksperiment er gjennomført med utgangspunkt i ei oppskrift frå Drops Design. Tova påskeduskar. Og enklare enn dette kan det nok ikkje gjerast nei. Litt morosame var dei no, og dette er noko absolutt alle kan klara. Eg brukte mitt nyinnkjøpte regnbogegarn til desse. Det var jo ferdig miksa med fine fargekombinasjonar. [...]

Påskebroiler…?

Mitt siste strikkeprosjekt er vel nærmare eit aldri så lite strikkeeksperiment.  Eg var så godt i gang med påskestemninga etter at eg fekk strikka eit par påskehare eggevarmarar i helga. Så eg tenkte som så… la meg prøve meg på eit påskeinspirert prosjekt til. Som sagt så gjort. Eg fann meg nok ei påskepynta [...]

Påskepynt

Då er eg i gang med påskepynten. Har strikka ein påskehare eggevarmar. Var raskt gjort, ei lita kveldsstund så var den i boks. Lett å strikka var den også.

Oppskrifta fann eg på Drops Design, ei super side med masse gratis strikkeoppskrifter. Vil du prøve sjølv, finn du oppskrifta her. Eg gjorde nokre [...]