Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Rundvask og vinnarlykke

Kvardagen er tilbake på alle måtar. Ferien er over og eg er tilbake i arbeid att.

Er nøgd med at eg framleis er så oppegåande at eg kan gå i arbeid. Kjenner jo naturlegvis at ting begynner å bli tyngre, ting tar tid og eg er nok ikkje like effektiv som eg er til [...]

Nye puter

Har leika meg litt meir med symaskina. Så no har den raude sofaen i stova fått selskap av eit par nye puter.

 

 

Svart/kvit rutete stoff på eine sida og heilsvart på andre sida. Stoffet stammar frå den bunken eg fekk frå Mamma i fjor

 

 

Synest desse passa godt [...]

Ny Green Gate

Ny Green Gate er komen i hus. Min andre kopp, nok ein polkadott utgåve, og også denne gangen kom den i form av potte for perleblome.

 

 

Liker denne fargen godt. Kunne i grunnen godt hatt litt fleire av den eigentleg… eller kanskje eg skulle hatt ein av kvar farge, ingen like…?

[...]

Time for tea

I dag har det vore ein skikkeleg våt og grå dag. Surt og kaldt – perfekt vær til å nyte ein god kopp te innandørs.

For litt sidan kom vi over denne te-boksen her

Enkel og fin å organisera dei firkanta te-posane min i.

Twinings of London står både på utsida på [...]

Julekrans og julesøm

Då har julekransen kome opp ute på veggen ved inngangsdøra.

Synest ikkje den vart så aller verst med tanke på at det var mitt første forsøk på kransebinding. Liker at det er litt farge til jul, så raudrutete band frå Åhlens gav litt liv til kransen.

Var også fornøgd med God Jul [...]

Praktisk knaggrekke og tips om måling av dører

For litt sidan kjøpte eg meg ei praktisk og artig knaggrekke på Åhléns.

Syntes denne var ganske genial. Berre til å henge den over døra og vips, så har du fått deg ei knaggrekke på innsida av døra utan å skru eller spikre.

Så dette er blitt ein grei plass å henge [...]

Mitt første veggord

For litt sidan var eg så heldig å vinne eit veggord inne hjå Hilde Heimdal. Mitt aller første veggord! Supergøy Ho hadde ein konkurranse der vi kunne vinne veggordet Shoes. Det var 29 som meldte seg på i konkurransen. Og så var Hilde så snill at ho lot oss alle vinna! Kan du tenka [...]

Sommarens beste funn

Då er det på tide å vise fram sommarens beste funn.

For eventuelle nye lesarar, kan eg gjera merksam på at eg tidlegare har vist fram ein sjarmerande gamal sigarettboks, nokre grøne funn og litt kjøkkenfunn. 

Men eg har naturlegvis spart det beste til slutt Nemleg kassar – gamle kassar!

Var så [...]

Spraymåling av lysestakar

På loppetur for litt sidan fann eg mellom anna ein stor femarma messinglysestake. Messing var ikkje heilt fargen for meg for tida, så no har den fått seg ein runde med spraymåling og valet fall på kvitt denne gangen.

Godt fornøgd med resultatet. Prøvde først med matt kvit spray, men den vart liksom [...]

Puter

Då har eg sydd mine første puter. Og det var jo ikkje så vanskeleg det jo

Kjøpte nokre løparar på Åhlens som eg meinte ville gjera seg godt som putestoff.

Og dei passa akkurat så bra til puter som eg trudde! Så no har eg sydd fire puter av desse.

Strålande [...]