Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Årets juletre

Då måtte eg berre ta meg ein liten pause frå julemat og julekos for å visa dykk årets juletre.

Men korleis ta gode bilete av juletre? Det er ikkje så lett! Vil jo så gjerne få med stemninga det gjev med lys og alt. Kom fram til at løysinga vart mørklagt rom (med unntak [...]

Julekort til DEG

Den store bakedagen

Det har vorte lite blogging på meg i det siste. Julebord, julekonsert, juletreff, julegåver, julepynting, julebakst og andre julesysler har tatt det meste av fritida i det siste.

Er nesten rart at ein har tid til å gå på jobb i denne juletida… Men, det må ein jo også liksom. Så då har det [...]

Julekrans og julesøm

Då har julekransen kome opp ute på veggen ved inngangsdøra.

Synest ikkje den vart så aller verst med tanke på at det var mitt første forsøk på kransebinding. Liker at det er litt farge til jul, så raudrutete band frå Åhlens gav litt liv til kransen.

Var også fornøgd med God Jul [...]

Sinkhus & sviblar

Eit lite enkelt juletablå beståande av sinkhus og sviblar har fått plass på toppen av det gamle telefonbordet vårt.

Telefonbordet er det vi kjøpte på loppemarknad i vår, så ja, det er framleis umåla. Og jo lenger det står her slik jo meir usikker blir eg på om det skal målast [...]

Juleverkstad – kreative kreasjonar

Det vart ein riktig så vellykka juleverkstad i går. Masse kos og moro, og litt juleproduksjon… Ein perfekt miks. Takkar deltakarane for innsatsen – og gleder meg alt til neste års verkstad

Noko nytt som vi prøvde i år var perlehjarte.

Ståltråd og treperler i ulike fargar. Enkelt og dekorativt.

[...]

Juleverkstad – for vaksne

I kveld er det klart for juleverkstad. Vi og eit vennepar har starta opp ein tradisjon der vi utnytter det at det er lov å vera litt barnslig i samband med desse høgtidene våre. Så då har vi påskeverkstad hjå dei og juleverkstad hjå oss. Og i kveld er altså kvelden for juleverkstad

[...]

Adventshelg

Då er første søndag i advent her, og vi kan endeleg få begynne å fylle huset med julestemning. Så koseleg!

På kjøkkenet er julegardinene komne opp

Enkle raude gardiner som gjev akkurat den rette stemninga. Og bak gardina kan ein skimte den elektriske adventsstaken. Vindauget går ut mot inngangspartiet, så er litt koseleg [...]

Lefsebaking

Ein koseleg førjulstradisjon er å reise heim til mor for å vera med å baka lefse. Det har eg gjort denne helga.

Dei har fått laga til ein eigen krok i vaskekjellaren med passande bakebord. Akkurat det er ganske genialt i grunn, så slepp ein alt mjølet og rotet som lett kjem når [...]

Første adventskjøp

Det var vel på tide med eit lite livsteikn frå meg no. Dagane forsvinn i frå meg for tida, så det har vorte lite tid til både blogging og kommentarar. Men håpar det skal verta betre no snart…

Eg har gjort mitt første adventskjøp. Skjønne sølvtal på stift til å festa på lys.

[...]