Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Utfordring og Award

For litt sidan fekk eg ei utfordring frå Lokki med den herlege bloggen Lev Livet Lett.

Utfordringa gjekk ut på å vise det tiande bilete ein har publisert i bloggen, og linke til innlegget.

Og det tiande bilete eg publiserte (har berre talt med dei eg har tatt sjølv) kom i mitt åttande innlegg [...]

Enklare blir det vel ikkje…?

Nok eit lite eksperiment er gjennomført med utgangspunkt i ei oppskrift frå Drops Design. Tova påskeduskar. Og enklare enn dette kan det nok ikkje gjerast nei. Litt morosame var dei no, og dette er noko absolutt alle kan klara. Eg brukte mitt nyinnkjøpte regnbogegarn til desse. Det var jo ferdig miksa med fine fargekombinasjonar. [...]

Påskebroiler…?

Mitt siste strikkeprosjekt er vel nærmare eit aldri så lite strikkeeksperiment.  Eg var så godt i gang med påskestemninga etter at eg fekk strikka eit par påskehare eggevarmarar i helga. Så eg tenkte som så… la meg prøve meg på eit påskeinspirert prosjekt til. Som sagt så gjort. Eg fann meg nok ei påskepynta [...]

Påskepynt

Då er eg i gang med påskepynten. Har strikka ein påskehare eggevarmar. Var raskt gjort, ei lita kveldsstund så var den i boks. Lett å strikka var den også.

Oppskrifta fann eg på Drops Design, ei super side med masse gratis strikkeoppskrifter. Vil du prøve sjølv, finn du oppskrifta her. Eg gjorde nokre [...]

Tova tøflar – oppskrift

Eg har funne ei oppskrift på tøflar som passar for oss som ikkje har heilt kontroll på felling og heler og alle slike kompliserande element. Likefult ser dei riktig så flotte og avanserte ut når dei er ferdige. Tenkte det kanskje kunne vera fleire der ute som kunne ha glede av ei slik oppskrift, [...]