Velkommen

Så koseleg at du tar turen innom sida mi. Hyggeleg om du legg att eit lite spor, så veit eg at DU har vore innom.

Ha ein fantastisk dag vidare og velkomen tilbake!

Enklare blir det vel ikkje…?

Nok eit lite eksperiment er gjennomført med utgangspunkt i ei oppskrift frå Drops Design. Tova påskeduskar. Og enklare enn dette kan det nok ikkje gjerast nei. Litt morosame var dei no, og dette er noko absolutt alle kan klara. Eg brukte mitt nyinnkjøpte regnbogegarn til desse. Det var jo ferdig miksa med fine fargekombinasjonar. [...]

Påskebroiler…?

Mitt siste strikkeprosjekt er vel nærmare eit aldri så lite strikkeeksperiment.  Eg var så godt i gang med påskestemninga etter at eg fekk strikka eit par påskehare eggevarmarar i helga. Så eg tenkte som så… la meg prøve meg på eit påskeinspirert prosjekt til. Som sagt så gjort. Eg fann meg nok ei påskepynta [...]

Påskepynt

Då er eg i gang med påskepynten. Har strikka ein påskehare eggevarmar. Var raskt gjort, ei lita kveldsstund så var den i boks. Lett å strikka var den også.

Oppskrifta fann eg på Drops Design, ei super side med masse gratis strikkeoppskrifter. Vil du prøve sjølv, finn du oppskrifta her. Eg gjorde nokre [...]

Strikkekurv

Når eg no har byrja å strikka, så måtte eg jo berre kjøpa meg ein fin kurv til å oppbevara garn og strikketøy i. Var jo ikkje noko fint med desse posane med garn som vart liggande rundt om, så det var jo berre ein dyd av nødvendighet.

Fann ein fin sølvgrå kurv [...]

Dilla på strikking…?

Har visst fått litt dilla på strikking for tida. Ikkje heilt likt meg eigentleg, men er vel aldri for seint å få nye diller…

Så no er det Mannen sin tur til å få seg tøflar. Er i gang med eit blått og fint par til han.  Med all denne [...]

Tova tøflar – oppskrift

Eg har funne ei oppskrift på tøflar som passar for oss som ikkje har heilt kontroll på felling og heler og alle slike kompliserande element. Likefult ser dei riktig så flotte og avanserte ut når dei er ferdige. Tenkte det kanskje kunne vera fleire der ute som kunne ha glede av ei slik oppskrift, [...]

Tova tøflar – endeleg ferdig

Då er eg endeleg ferdig med tøflane mine. Vart eigentleg veldig fornøgd med dei. Er godt å ha no når det ser ut for at vinteren har tenkt å var ei stund til.

No skal vi på besøk til gode vener. God mat, litt godt i glaset og løysa nokre verdensproblem er vel [...]

Status i strikkeprosjektet

Då er tøflane ferdig strikka. Dei ser ikkje akkurat ut som tøflar heilt enno, men når dei er ferdig montert blir det nok betre…

Var veldig greitt å finna ei oppskrift på tøflar som ikkje innebar noko form for kompliserte heler eller andre avanserte element. No gjenstår då berre å finna ut [...]